Lokal | 01. mars 2018

Gir vekk 30.000 kroner

AMFI Os feirer 30-årsjubilum med å gi vekk 3x10.000 kroner til lokale lag og organisasjonar.

Gir vekk 30.000 kroner
Senterleiar Silje Lygre ved AMFI Os er i bursdagsstemning og vil gje lokale lag og organisasjoner 3 x 10.000 kroner i samband med 30. årsdagen til senteret (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 01. mars 2018 09:23

14. april feirer AMFI Os 30 år med ei jubileumsuke på senteret.

– Vi har lyst å gje litt tilbake til lokalsamfunnet. Det er viktig for oss å støtte opp om det og ikkje minst lokale eldsjeler. Difor er det kjekt at vi har fått opparbeidd litt ekstra midler som vi kan dele ut i samband med bursdagen, fortel senterleiar Silje Lygre ved AMFI Os.

Gåvene vil bli delt ut som avslutning av jubileumsveka 21. april.

Alle kan få

På AMFI Os si heimeside kan kven som helst nominere kven dei tykkjer skal få 10.000 kroner.

– Vi har ikkje satt kriterier om at det skal gå til barn og unge eller tilsvarande. Her kan alle søkje. Det eineste kravet er at det er lokal.

– Ein treng ikkje ha konkrete prosjekt for å søkja eller nominere nokon, men ein kan sjølvsagt ha det. Skriv ei kort grunngjeving for kvifor nettopp din kandidat skal få pengaen.

Frist for å nominere kandidatar er 3. april.

Gjeld å mobilisere

Etter at fristen har gått ut vil juryen, som er markedsrådet ved Amfi Os, plukke ut ti finalistar.

– Finalen vil bli gjennomført på Facebook kor dei tre kandidatane som får flest røyster er dei som får gåva, så kjem ein til finalen, så gjeld det å mobilisera om ein kjem gjennom nålauge, avsluttar Lygre.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.