Kultur | 05. mai 2018

Gira Eirik gler seg

Eirik Søfteland innrømmer glatt at han har veldig, veldig lyst på ein ny finaleplass.

Gira Eirik gler seg
Eirik Søfteland gler seg til å rocke Sigrid sin «Don't kill my vibe» i kveld (foto: Espen Solli, TV2)
Andris Hamrelørdag 05. mai 2018 08:31

Eirik Søfteland tok seg til finalen i «Idol» og vann «Skal vi danse» i 2013. I kveld kjempar han om ein ny finaleplass når har konkurrerer mot Øivind «Elg» Elgenes og Frida Aanevik i semifinalen i «Århundrets stemme» på TV2.

I kvartfinalen var han den siste som fekk beskjed om at han gjekk vidare.

– Nervene er greie, sjølv om det er semifinale. Eg fokuserer på låtene og det eg skal gjere på scenen, fortel Eirik når Midtsiden snakker med han rett etter at han har kome tilbake på hotellet etter fredagens gjennomkøyring.

– Ikkje klart det utan osingane

Som tidlegare i programmet er det sjåarane som avgjer kven som skal til finalen.

– Det er eigentleg litt digg å kunne sleppe taket og berre fokusere på å levere to gode sanger. Det er folket som bestemmer, men det er klart at det hadde vore dritkult å komme til finalen og få gjera tre låter og masse anna gøy.

– Korleis opplever du støtta når du er heime på Os?

– Heilt fantastisk. Det er gøy at folk støtter meg og følgjer med. Eg hadde jo ikkje klart dette uten Os og osingane.

Klassikar "alle" kan

I kveldens program skal artistane gjera ei låt frå 1920-talet og ei låt som ligg på hitlistene i dag.

– Det å skulle velgje ei låt frå 1920-talet var vanskeleg. Eg satt og bladde i katalogen og såg berre masse ukjente låter, men så plutseleg dukka den opp. Eg visste ikkje at «Singing in the rain» var frå 20-talet, eg trudde den var frå 50-talet, fortel Eirik om klassikaren.

– Dette er ein evergreen og ein klassikar som eg trur alle kan. Det er ei positiv og gøy låt til å bli glad av som eg reflekterer min vanlege sinnstemning.

– Dessuten passer det jo fint for ein vestlending å synge nettopp om regnet. Eg hugser då eg var liten og det regna, då kom gjerne hovudlinja i teksten. Eg trudde jo eg kunne låta, men det kunne eg visst ikkje, ler Eriik.

– Det som òg er kult med låta er at det er ingen som veit kven som skreiv den eller kven som gjorde den første gangen i 1927. Låta har blitt brukt i ein rekkje filmer og oppsetninger før den blei kjend i 1952 då Gene Kelly gjorde den kjent i den legendariske filmen «Singing in the rain».

Rocker Sigrid

Som kveldens andre låt har Eirik vald «Don't kill my vibe» av Sigrid.

– Sigrid er eit nytt internasjonalt stjerneskot som saman med Aurora og Astrid S har blitt ei enorm eksportvare. Eg tykkjer det er litt kult å kunne hylla desse låtskrivertalenta med denne låta.

– Dessuten er jo Sigrid ei kul dame med tæl som har noko å koma med. Låta har ein råhet og edge som er litt rock. Bytter du ut instrumenta med eit rockeband, så har du ei rockelåt.

– Eg har ikkje movsa eller stemmen til Sigrid, det eineste som minner om ho er kanskje hårlengda, så eg har tillat meg å gjera den litt meir rockete, avslutter Eirik Søfteland som framleis håper på god støtte frå heimbygda.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.