Lokal | 15. okt. 2013

– Gje oss 3 år!

Foreininga Bevar Fjellheim presenterte oppgraderings- og driftskostnader for ordførar og varaordførar. – Gje oss tre år til å visa at huset kan drivast, var oppfordringa.

– Gje oss 3 år!
Varaordførar Marie E. Lunde Bruarøy (H) og ordførar Terje Søviknes (Frp) tok i mot dokumentasjonen frå Rolv Bjørø, Olaug Tvedt Keys og Trym Jensen i Foreningen Bevar Fjellheim (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 15. okt. 2013 07:13

Representantar frå Foreningen Bevar Fjellheim (FBF) overrekte måndag 3864 underskrifter og dokumentasjon på den tekniske standen på Fjellheim, saman med ei kostnadskalkyle på oppgradering og budsjett for drift av huset dei tre første åra, til ordførar Terje Søviknes (Frp) og varaordførar Marie E. Lunde Bruarøy (H).

– Vårt mål er på bevara Fjellheim og den kulturarven huset representerar.

– Vi ønskjer å få driva Fjellheim i 3 år for å visa at det er liv laga. Fjellheim har ein bevaringsverdi på linje med Vognhallen og prestegarden. Forskjellen er at siste tog har ikkje gått for Fjelleheim, helsa Rolv Bjørø, styremedlem i FBF.

Skal ikkje kosta kommunen

Kostnadskalkylane foreninga har fått utarbeidd syner at det er naudsynt med 470 000 kroner i utbetringskostnader for å ta huset i bruk, rett nok er det knytt noko usikkerheit kring dei branntekniske kostnadane og kva krav som blir stilt i høve desse.

– Vi har dokumentert alt som det har blitt beden om.

– Det skal ikkje kosta kommunen ei krone å drifte Fjellheim. Dei pengane skal vi skaffa, forsikra Trym Jensen.

– De må berre gje oss tilgang til bygget.

Lova sak til kommunestyret

Ordførar Terje Søviknes tok imot dokumentasjonen frå FBF, og lova å bringa den vidare til rådmannen slik at han kunne nytta den i den varsla saken som skal koma opp til kommunestyret, truleg i desembermøtet. Ordføraren la ikkje skjul på at han var skeptisk til om det lot seg gjera å drifta huset under dei forutsetningane foreninga har lagt inn i budsjetta.

– I driftsregnskapet forutset de utleige av lokala 190 dagar i året.

– Forutset de då at kommunen skal vera ein leigetakar, undra ordføraren.

– Nei, det er inga forutsetning at kommunen skal leige noko som helst.

– Vi ser for oss heilt andre ting, som i dag ikkje har plass. Det er eindel grupper som Oseana diverre ikkje favnar.

– Fjellheim vil favne andre brukergrupper enn det, tildømes, Oseana gjer, forklarte representantane frå FBF.

Ungdomshus, ikkje kulturhus

Ordføraren undra òg på kvifor foreninga skulle klara å drifta huset, når Os Turnforening og Os Musikkforening ikkje klarte å gjera det, då kommunen måtte overta huset i 1989.

– Det er ein heilt anna kvardag i dag, enn den gongen.

– Ungdomshusa er på full fart inn igjen og brukast flittig.

– Fjellheim skal ikkje vera eit kulturhus, men eit ungdomshus for Os sentrum, argumenterte Trym Jensen.

– I tillegg er huset viktig for identiteten til osingane. Vi må ta vare på dei kulturhistoriske bygga, supplerte Olaug Tvedt Keys.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.