Gjekk nesten på ein smell
Os låg under til 60 minutt var spelt borte mot Sund i dag.


Heime blei det 4-1-siger, i dagens bortekamp skåra Sund i 6. minutt.
0-1 sto seg til pause.
Skulle det bli Os sitt andre tap for sesongen, og sitt første sidan serieopninga mot Fyllingsdalen 2 (3-2-tap) borte 9. april?
– Det blei ein tøff kamp i dag, på bortebane i sterk vind, mot eit lag som kriga hardt for å ta poeng, seier Os-trenar Tim Henrik Sperrevik.
0-1 kom på litt uheldig vis. Dei slo ein pasning fram, og vi var først på ballen, men fekk eit litt dårleg treff, og spissen deira kom seg åleine med keeper.
Straffemiss og straffemål
Rafael Villén utlikna å straffe i 60. minutt.
Rafael si skåring kom på straffe. Mats Cato missa på straffe etter at han sjølv blei felt kort tid i forkant.
Men Moldskred gjorde det godt igjen og blei matcvinnar med 1-2-skåring på overtid.
– Det har blitt 15 kampar på rad utan tap. Å hamna under var ei uvant oppleving. Sjølv om vi løfta oss i 2. omgang sat sigeren langt inne, det var godt å vinna på ein dag som denne, synest Sperrevik.
Øystein Takle Eide hadde målgjevande pasning på 1-1, Fabian Bødtker på 1-2.
Sund - Os 1-2 (1-0)
Målskårarar, Os: Rafael Villén og Mats Cato Moldskred
Os: Chris Sunde Midtun - Torkel Hjertnes, Endre Brenne, Vegard Skeie, Hary More, Rafael Villén, Alexander Dale, Frode Storebø, Øystein Takle Eide, Mats Cato Moldskred og Marius Mikkelsen.
Innbytarar med speletid: Martin Eidsvik, Fabian Bødtker og Steffen Kvamsdal.
Serieleiar Os held avstanden på 7 poeng ned til Lyngbø på 2. plass.
Seks serierundar står igjen. Os speler neste kamp heime mot NHH (10. plass) til helga.