Lokal | 08. sep. 2010

Gjev tjuvane ei sjanse

Tysdag stjal tjuvar 10 - 15 plagg frå Madam Ane. No vil Tove Tvedt Skarstein gje dei sjansen til å gjere opp for seg.

Gjev tjuvane ei sjanse
Andris Hamreonsdag 08. sep. 2010 10:28

Madam Ane blei tysdag førmiddag utsett for eit frekt tjuveri av kler.

Sjå også "Interessert i ein blå Volvo".

- I går kom det ein forfjamsa kunde inn i butikken til meg som fortalte at ho nettopp hadde blitt vitne til eit frekt tjuveri frå den andre butikken min, Madam Ane, seier Tove Tvedt Skarstein hos S. Tvedt.

- Kunden fortalte at det hadde stoppa ein blå Volvo framfor butikken. Ut av bilen hadde ei dame kome og gått bort til stativet som sto utanfor. Der hadde ho begynt å visa fram forskjellige kjolar og blusar til dei som satt inne i bilen.

- Etterkvart som ho fekk "godkjenning" på dei forskjellige plagga la ho dei over armen før ho satte seg innatt i bilen og dei stakk avgårde, fortel Tove.

Har ein mistanke
Det var tre vitner som såg kva som skjedde og som har gitt ein beskrivelse av bilen og personane til Tvedt Skarstein.

- Vi har ei mistanke om kven dei er, men vil gje dei ein sjanse til å gjere opp for seg.

- Om dei kjem innom butikken til meg seinest i løpet av morgondagen slik at vi kan kome fram til ei løysing, så skal eg ikkje anmelda dei, avsluttar Tvedt Skarstein.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.