Oseana | 08. juni 2021

Gladjazz på Oseana-terrassen sankthansaftan

Konserten 17. mai blei avlyst. No fann Osøren Jazzensemble ein annan dato.

Gladjazz på Oseana-terrassen sankthansaftan
Sist det 45 år gamle jazzbandet spelte i lag, 17. mai 2019. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 08. juni 2021 12:15

Sankthansaftan, onsdag 23. juni, speler Osøren Jazzensemble konsert på eller i Oseana.

– Vi håper jo på sol og konsert på terrassen, sånn det var 17. mai 2019, seier bandmedlem Geir Mildestvedt.

Betre bakteppe skal du leita lenge etter. Osøren Jazzensemble og Marita Moe Sandven trekte mykje folk til Oseana i går kveld. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Les ògOpplevelse og kos, 5200 Os

Viss det regnar blir konserten i foajeen.

– Alt låg til rette for konsert 17. mai, vi hadde til og med fått støtte frå Sparebanken Vest og kultureininga i kommunen. Men høgt smittetrykk og strenge reglar gjorde det vanskeleg. Då er det kjekt at vi fann dette alternativet.

Geir Mildestvedt (midten med klarinetten 17. mai 2019. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Geir Mildestvedt (midten med klarinetten 17. mai 2019. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)

Einaste arrangement i Mobergsvikjo denne dagen

Dei siste åra har Oseana laga sankthansbål, trilla ut grillar og lagt til rette for ei ekstra kjekk sankthansaftan i Mobergsvikjo.

– I år som i fjor må vi avlysa det som skjer nede i fjøra. Men vi er glad for at vi fekk denne konserten, blir den utandørs er det jo fleire som kan ha glede av desse muntre jazztonane, seier Veronica Sølen Halhjem.

Restauranten er allereie fullbooka, men held drift i baren oppe under konserten.

Sankthansaftan 2018. (Foto: Ørjan Håland)
Sankthansaftan 2018. (Foto: Ørjan Håland)

På Mobergsneset i nesten 40 år

Osøren Jazzensemble feira 40 år som band i 2016.

Tradisjonen med konsert på Mobergsneset 17. mai går over 30 år tilbake i tid, først på kafeen Vikjo, seinare på utestaden Opus, om bord på MS Midthordland og på Oseana.

Osøren sin 17. maikonsert starta i kafeen Vikjo, to tiår før Oseana blei bygd. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Osøren sin 17. maikonsert starta i kafeen Vikjo, to tiår før Oseana blei bygd. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

I fjor blei det ingenting, i år blei det ein annan dato.

– Vi har ikkje spelt saman sidan 17. mai for to år sidan, så dette blir kjekt! seier Geir.

– Ingen øving heller?

– Nei. Men vi er jo aktive med instrumenta våre heile året, så det skal gå bra. Vi får ta ei lita gjennomkøyring før sanktans, og satsa på at vi blir samstemte til konserten, seier klarinettisten.

Konserten startar klokka 19. Billettane blir lagt for sal om få dagar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.