Politi | 24. nov. 2025

Glei utfor på Byvegen

Ingen blei skadd då ein bil hamna opp på ei refuge.

Glei utfor på Byvegen
Byvegen ved Jysk og Kiwi ein dag i januar i år. Då var snøen på veg vekk, denne helga har is vore ei utfordring enkelte stadar. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 24. nov. 2025 09:55

Søndag litt før klokka 13 fekk politiet melding om ein bil som hadde glidd utfor Byvegen.

– Bilførar varsla at han hadde glidd utfor på Byvegen nær Jysk og Plantasjen, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Ingen personar skal ha blitt skadd.

Bilførar, ein mann i 50-åra, hadde plassert ut varselstrekant og tatt på seg gul vest mens han venta på bilbergar.

I 15-tida søndag kontrollerte politiet ein bilist på Søfteland.

– Bilen blei avskilta grunna manglande EU-kontroll. Bileigar er ein mann i midten av 20-åra.

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.