Lokal | 23. juli 2018

God sommar for AMFI Os

Har hatt 3 prosent vekst så langt i juli. – Det har vore veldig bra sålangt i sommar, seier Silje Lygre.

God sommar for AMFI Os
Senterleiar Silje Lygre gler seg over godt besøk i sommar (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 23. juli 2018 18:19

Fine sommardagar er kanskje ikkje dei du helst vil bruke inne i ein butikk eller på eit kjøpesenter, men på AMFI Os merkar dei ingen nedgang, heller tvert i mot.

– Det har vore veldig bra så langt i sommar. Ser vi på besøkande så er det på same nivå som fjoråret, og då hadde vi jo eit heilt anna vêr.

– Så langt i juli har vi faktisk hatt ein vekst på omlag 3 prosent, noko vi er veldig godt nøgd med. Det vi ser er at dei som er her handlar meir, fortel senterleiar Silje Lygre ved AMFI Os.

God start på året

Lygre fortel at dei også har hatt ein jamn vekst hele det første halvåret.

– No blir det jo berre spekulasjonar, men eg har eit inntrykk av at vi før sommaren hadde ein god del kunder som kom for å handle sommarklær og sommarsko. Dette var varegrupper vi såg fekk eit løft.

– Kanskje fekk folk tru på ein fin sommar då vi fekk dei varme dagane i mai, smiler Lygre.

Glad folk handlar lokalt

Om det er osingar, turistar eller folk frå nabokommunane som kjem innom for å handla er senterleiaren usikker på.

– Det er vanskeleg å seie, men kanskje er det fleire av hyttefolket i bygda som, med den sommaren vi har hatt i år, har valgt å bli på hytta i staden for å reise utenlands eller andre stader.

– Eg er jo sjølvsagt veldig glad for at både dei og osingane generelt vel å støtta det lokale næringslivet ved å handla lokalt, anten det er her på senteret, i butikkane i Industrivegen eller i Os sentrum. Ein får jo det meste av det ein treng lokalt, så då kan ein nytta tida på å nyta finvêret i staden for å køyre lange vegar for å handla.

– Konklusjonen er vel at det ser ut til å bli ein god sommar også handelsmessig, så gler vi oss til både skulestart og barnas dagar i september kor vi kjem til å gjer litt ulike aktiviteter, avsluttar Lygre.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.