Lokal | 16. jan. 2019

God start for direktesendt Kommune-TV

Os-politikken hadde publikum på Kvaløya i Troms og i Santa Pola i Spania.

God start for direktesendt Kommune-TV
Rådgjevar i Os kommune, Andris Hamre, fortel om gode sjåartal under det direktesendte kommunestyret 18. desember i fjor. (Foto: Nils-Anders Nøttseter - for Midtsiden)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighonsdag 16. jan. 2019 10:15

Tysdag 25. september 2018 vedtok kommunestyret eit prinsippvedtak om at politiske møte skulle direktesendast via kommunen si heimesida.

Primært skulle det vera sending av kommunestyremøta, men etterkvart med ei utviding til dei faste underutvala (Formannskap, Plan- og bygningsutvalet og Tenesteutvalet).

Tysdag 18. desember var det premiere på nyvinninga.

Mørkt - men overraskande bra

Rådgjevar i Os kommune, Andris Hamre, fortel om ei teknisk god gjennomføring, sjølv om det var mykje som skulle på plass før sending.

– Vi fekk ei utfordring med lystilhøva grunna arbeid i kommunestyresalen, men det var ikkje nemneverdige problem ut over dette. Ein og annan arbeidslampe sytte for at kvart kamera leverte gode bilde sjølv i utfordrande lys. Til neste sending er kommunestyresalen betre lyssett, så bildekvaliteten vil nok verta endå betre.

494 klikka seg inn

Hamre var sjølv i kontakt med leverandøren av strøymetenesta for å høyra kva Os kommune kunne forventa av sjåarar.

– Dei kunne fortelja om kommunar med 1200-1500 sjåarar, men meinte at 150-200 burde vera eit tal vi burde seia oss nøgde med. At den første sendinga vår hadde 494 sjåarar, er gledeleg å notera seg.

Dette talet er ikkje det einaste notatet Hamre har å fara med:

• 494 personar klikka seg inn på sendinga 18. desember

• Gjennomsnittleg sjåartid var på 9 minutt og 27 sekund

• 152 av desse såg på frå mobil

• 150 såg på frå pc

• 73 såg på frå nettbrett

I etterkant av møtet har yttarlegare 75 personar vore innom og sett på opptaka som no ligg ute på kommunen si heimeside.

Frå Syden til Troms

Hamre sit òg på tal som fortel kor publikummet til lokalpolitikarane sat:

• 221 osingar såg på sendinga

• 122 personar med adresse i Bergen såg på sendinga

• 43 sat i Oslo

• 6 sat på Voss

• 5 sat i Fjell kommune

• 3 sat på Askøy

• 3 sat i Meland

• 2 sat på Ål

• 2 sat i Fusa

– Og så har vi dei to som er litt artige; vi hadde éin sjåar på Kvaløya utanfor Tromsø og éin sjåar i Santa Pola i Spania. Om ein legg linjalen mellom desse to stadane og Os, er dei begge like langt frå Os - berre i motsett retning.

Liv laga med moglegheit for eigentrening

– Du har jo følgt med lokalpolitikken i ei årrekkje; såg du stor skilnad på dei folkevalde når dei no skulle strøymast ut i verda?

– Det vart jo ei og anna helsing heim til mor som inleiing til nokre innlegg frå talarstolen, men elles var det vel ikkje noko som tyda på premierenerver.

Hamre fortel at nyvinninga med Kommune-TV har fleire positive sider ved seg;

– Først av alt håper eg dette kan vera med å løfta interessa for lokalpolitikken; «kva driv dei med, kva sa dei eigentleg i den saka som påverkar meg?»

– Til dømes er møta i Plan- og bygningsutvalet kanskje den staden kor einskildpersonar kjem nærast på kommunen. Å då kunna følgja med, minutt for minutt når nettopp di sak er oppe til handsaming, er truleg noko fleire vil nytta seg av. Det er ikkje alle som kan ta fri fra jobb for å sitja i eit PBU-møte.

Samstundes håper Hamre politikarene sjølv vil nytta seg av teknologien.

– Alle opptaka ligg tilgjengelege for ålmeinta, ferdig seksjonerte etter sak. Her er eit godt høve for politikarene å ta ein titt i spegelen. Kanskje desse opptaka kan nyttast til å få endå meir skjerpa politikarar, endå meir poengterte innlegg og ein endå meir fengjande lokalpolitikk?

Neste Kommune-TV er kommunestyremøtet 19. februar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.