midtsiden

God start mot Stord

Os junior elite tok leiinga og styrte den første halvtimen. Men så tok Stord over.

image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Os junior elite fekk besøk av Stord på Kuventræ tysdag kveld. Med eit tidleg mål av Daniel Vevatne fekk heimelaget bensin på bålet, og styrte den neste halvtimen av kampen.

Utlikna på straffe
Men stordingane var svært ivrige på utlikning, kom seg raskt tilbake i forsvar og var farlege på overgangar, sjølv då dei berre var to mot fire. Dette resulterte i tøffe tak i Os-forsvaret og i siste tredel av omgangen straffe til Stord.

Keeper Even Bjoarvik slengte seg mot venstre og var nesten på den første straffen. Men det blei blåst for ny straffe fordi han gjekk tidleg frå strek, og då han satsa i same hjørne ein gong til hamna ballen midt i mål.

Best på dødball
Os var sterke på midten, med Martin Eidvik som dirigent, og langs høgre kant med duellsterke Espen Kopperud. Men dei fekk problem med å spela seg til sjansar, bortsett frå då dei lagde corner. Tre av cornarane var nær på å gje resultat.

Espen Valvik har hatt mykje eigentrening den siste tida, grunna kneskade i vinter. Førre veke var han tilbake i trening, og blei allereie då tatt ut til laget som laurdag tok seg vidare til 3. runde i NM. Laurdag blei det ikkje mykje speletid, men i kveld var han farleg som spiss. Både på langskot og corner var han nær skåring.

Kollektiv kollaps
Ein markeringsfeil i forsvaret gjorde at gjestane kom seg åleine med keeper og tok leiinga. Kort tid etterpå auka dei til 3-1 på ein lang lobb, og så blei det 4-1 like før pause.

- I den første halvtimen var det vi som spekte ball og gjestane som sprang etter. Men det er mentalt tøft med fleire mål imot på kort tid, og strukturen i laget kollapsa. Vi byrja å gjera ting kvar for oss, noko som er lett for i stressa situasjonar, seier trenar Øyvind Steffensen.

Stord skåra yttarlegare fem mål i andre omgang. Os pynta litt på resultatet med Aleksander Havsgård si skåring, men kampen som byrja så bra enda 2-9.

- Gutane har hatt stor framgang, og viste over ein lang periode at dei kan, også mot gode lag. Men vi har ein del å jobba med, spesielt på det å takla at det kjem mål feil veg, seier Steffensen.

Os spelar borte mot Varegg i neste runde. Varegg står førebels utan siger (5 tap og 1 uavgjort). Neste heimekamp er mot Fyllingen 1 16. juni.

Fleire saker