Sport | 19. sep. 2012

– Godt med ein god tur

Sjølv utan toppformen inne gjekk Erik Tysse inn til årsbeste med 1.20.39 i Nordisk meisterskap i helga.

– Godt med ein god tur
Erik Tysse gjekk inn til årsbeste under Nordisk meisterskap i Eskiltuna, Sverige i helga (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 19. sep. 2012 11:45

Erik Tysse har vore gjennom to tøffe år etter at han blei utestengd for påstått dopingbruk. Med kvalifiseringsløp på heimebane dagen etter utestenginga blei oppheva kvalifiserte han seg til OL kor han gjekk inn til 14. plass på tida 1.21.00.

- Lufta gjekk nok ut av ballongen etter OL, så formen var ikkje på topp då eg stilte i Eskiltuna, fortel Erik Tysse.

Sjølv i "dårleg" form gjekk kappgjengaren frå Os eit kanonløp og satte årsbeste med 1.20.39, nær to minutt framfor svenske Ato Ibanez.

- Det var deilig å få ei tid ned på 1.20-talet på tampen av sesongen.

Det 20 kilometer lange løpet var Nordisk meisterskap for lag, kor Noreg enda på 3. plass.

Allereie klar for VM i Moskva

Tida Tysse presterte i Sverige er godt innanfor kravet til VM i Moskva neste sommar, men dit var han allereie kvalifisert gjennom løpet på Os i juli.

- Eg tel litt på knappane om eg skal freista å kvalifisera meg også på 50 kilometer allereie no i haust.

- Det er eit svensk/dansk meisterskap med internasjonal klasse i København 6. oktober, men eg merkar at eg er såpass trøytt og sliten etter OL at det kan vera at eg drøyar forsøket til våren.

- Den endeleg avgjersla om eg går i Danmark kjem vi til å ta i løpet av veka, fortel Tysse.

Ei fysisk og mental utlading

Tysse innrømmar at tida etter OL-løpet i London har vore tung.

- Det var så utruleg gøy og vera tilbake og konkurrera.

- Eg er godt nøgd med det eg presterte i London, men eg merka då eg kom heim at det hadde teke mykje krefter.

- Ikkje berre sjølve løpet, men like mykje alt oppstyret rundt og ikkje minst det som har skjedd dei to siste åra, seier ein ærleg Erik Tysse.

Aktiv pause

Kanskje vel han no å seia seg nøgd med sesongen og ta seg ei god pause for å nullstilla framfor neste sesong.

- Eg kjenner eg treng det no.

Sjølv om han seier han skal ha ei pause, framstår det for dei fleste andre av oss som eit hardkjør med 4-5 treningar i veka.

- He, he, eg kan jo ikkje berre legga meg ned på sofaen, men det skal bli deilig å gjera litt andre ting som sykling, nokre økter på elipsemaskin og andre aktivitetar, ler Tysse.

- Han må vera tålmodig

Saman med Erik Tysse gjekk Joakim Sælen det nordiske meisterskapet i Eskiltuna. Sælen blei diska etter to raude kort i konkurransen.

- Joakim har hatt ein lang sesong og byrja bra der borte. Etterkvart trur eg han blei veldig sliten, noko som gjorde at han fekk dei tekniske feila og blei diska.

- Han har hatt ein god sesong og ei veldig god utvekling.

- Det skal bli spennande å sjå korleis han tek overgangen til senior til neste år.

- Fryktar du konkurransen frå Joakim når han no blir 1. års senior?

- Kanskje ikkje med ein gong. Erfaringsmessig tek det to tre år å gå frå topp juniornivå til topp seniornivå, men eg håpar han er tålmodig og jobbar på slik at vi får nokre seriøse fightar før eg gjev meg.

- Det er ingenting som er betre enn om vi får tøffe konkurransar også nasjonalt, seier Tysse som blei Noregsmeister på 5000 meter i sluten av august.

- Han har ein god treningspartner i Viking i Håvard Haukenes og vil, om han klarar tålmodsprøva, bli ein utøvar kappgangsporten får mykje glede av i åra som kjem.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.