Sport | 11. okt. 2018

Godt rusta før ny toppkamp

Lysekloster toppar tabellen for første gong sidan april. Laurdag tar dei imot laget som ligg på tredjeplass.

Godt rusta før ny toppkamp
– Vi har vore i jage-posisjon sidan andre serierunde, dette er vi vant med, seier Hetlevik om den spennande serieinnspurten. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 11. okt. 2018 08:26

Eitt poeng var nok i førre runde, Lysekloster spelte 1-1 mot Øystese på bortebane, men serieleiar Sotra tapte 1-2 heime for Brodd og gav med det frå seg førsteplassen.

– Vi var ineffektive i første omgang, samtidig let vi Øystese gjera det dei kanskje er beste lag i avdelinga på, å skåra på dødball. I andre omgang kom dei ut i ein 5-4-1-formasjon vi ikkje fekk hol på, fortel Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik.

Helga før leia Lysekloster 2-0 over Sotra, men toppkampen enda 2-2.

– Mot Sotra følte eg at vi tapte to poeng, då eg reiste heim frå Øystese følte eg at vi hadde vunne eitt poeng. Ikkje ut frå kampbildet, men fordi det eine poenget gjorde at vi endeleg leia serien.

I jage-situasjon sidan andre serierunde

Lysekloster og Sotra står likt i poeng, men Lysekloster leiar no tabellen på tre mål betre målforskjell.

– Kva er i fokus når det no står tre rundar igjen?

– Vi jobbar mykje med det mentale, med det å ha rett innstilling til kamp. Alle kampar kan bli tøffe, spesielt om hausten, uansett kor på tabellen motstandaren er så kjempar dei fleste alt dei kan.

– Samtidig er ikkje dette nytt for oss. Vi har i utgangspunktet vore i jage-situasjon sidan andre serierunde, og vi har i utgangspunktet tenkt at vi har måtta vinna kvar kamp sidan 2-1-tapet borte for Sogndal 2 i august.

Lysekloster opna årets sesong med 5-0-siger over Varegg. Dei fekk berre éi veke på topp, i neste runde blei det 1-1 borte mot Viking 2.

Full stall til Fyllingsdalen-kampen

Laurdag tar Lysekloster imot laget frå 3. plass, Fyllingsdalen. Fyllingsdalen ligg berre to poeng bak Lysekloster og Sotra, og slo Lysekloster 2-0 på Varden Amfi i juni.

– Den kampen følte eg kunne vippa begge vegar, sjølv om vi hadde mykje skadar og så vidt klarte å stilla med ein tropp på 11 A-lagsspelarar. I tillegg hadde eg vore på kurs heile veka, så førebuingane var ikkje optimale, seier Hetlevik.

Før heimekampen har det sett langt betre ut.

– Vi har ikkje hatt éin spelar på alternativ trening, og vi har heller ingen ute i karantene. Det har vore mange på feltet, og vi har hatt ei god treningsveke så langt, seier Hetlevik, to dagar før tredje siste kamp.

På papiret har Lysekloster og Sotra eit ganske likt kamp-program i serieinnspurten:

Etter kampen mot Fyllingsdalen skal Lysekloster spela borte mot Stord (10. plass) og heime mot Førde (13. plass).

Sotra har Tertnes (11. plass) og Øystese (12.plass) i dei to neste kampane, i tillegg til serieavslutting mot Fyllingsdalen.

Tabell og terminliste på fotball.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.