Lokal | 17. feb. 2011

Golfklubbar får garanti

Bjørnefjorden Golfklubb får kommunal garanti for låna sine samstundes som kommunen vil hjelpe Vildmarken Golfklubb.

Golfklubbar får garanti
Andris Hamretorsdag 17. feb. 2011 09:29

Tysdag fekk formannskapet to golfsakar på bordet der båe handla om pengar.

Bjørnefjorden golfklubb hadde søkt kommunen om kommunal garanti for to lån for å få lågare rente hos banken. Golfklubben har to lån på tilsaman 1.950.000 kroner. Med ein kommunal garanti reknar golfklubben med å spara omlag 43.000 i året i renteutgifter.

Administrasjonen hadde eit negativt framlegg til vedtak, men formannskapet snudde og ville gje garantien.

- Vi har to sakar om golfklubbar på bordet i dag. Båe handlar om kommunal garanti. Då må vi òg behandla klubbane likt, begrunna Eirik Neverdal (TvS) sitt alternative framlegg kor han gjekk inn for garantien.

Likebehandling

Han fekk støtte frå Jostein Bondevik (Krf) sjølv om han i utgangspunktet var skeptisk til å gje fleire kommunale garantiar.

- Vi må sjå sakane likt, men eg kan ikkje sjå at vi sikrar oss gjennom pant. Kvifor ikkje, undra Bondevik.

- Hovedgrunnen er at det er eit negativt framlegg frå administrasjonen, forklara økonomisjef Ingrid Karin Kaalaas.

- Då synest eg vi skal ta med eit kulepunkt om garanti, repliserte Bondevik.

- Og at garantisummen blir redusert i samsvar med nedbetalingane av låna, slik at ikkje dei trur dei har fått ein blanko garanti, supplerte Neverdal.

Neverdal sitt alternative framlegg med tillegg fekk samrøystes tilslutnad frå formannskapet og skal opp i kommunestyret kommande tysdag.

Klarar ikkje avdraga

I februar 2006 gav kommunestyret Vildmarken Golfklubb ein kommunal garanti på 1.500.000 kroner i samband med byggjing av klubbhus med garasje og toalettfasiliteter. Ei hytte som no er ferdig og open for ålmenta.

På formannskapsmøtet tysdag måtte dei behandla søknad frå golfklubben om bruk av garantien.

Klubben har forklart for kommunen at dei ikkje har likviditet til å betala avdrag på lånet når det forfell i mars og har skissert forslag løysingar. Anten at kommunen innfrir sin garanti og med det slår golfklubben konkurs eller at kommunen betalar avdraga medan klubben betalar renteutgiftene.

Synkande medlemstal og dårleg vêr

Årsaka til den dårlege likviditeten oppgjer klubben å vera synkande medlemstall og dårleg vêr som har gitt mindre inntekter frå bruk av banen.

- Kanskje får vi no smaka vår eigen garanti, sa Espen Aspenes (Frp).

- Når vi gev garantier så kjem det av og til sakar kor vi må innfri dei. Det viktig no er å halda ein god dialog med klubben og hjelpe dei til å klara forpliktelsane slik at utbetalingane blir minst mogleg, supplerte Eirik Neverdal (TvS).

På spørsmål om kommunen tidligare har måtte innfri garantiar opplyste økonomisjef Kaalaas at ho berre kunne huske to sakar frå 90-talet kor dei har måtte gjera det.

Halda liv i eldsjelane

Rådmannen si innstilling i saka er at kommunen skal forlenga garantitida til 2024 som følgje av forlenga leieavtale av grunnen i Øvredalen og at administrasjonen får fullmakt til å gje tilskot til avdraga om det trengs.

- Forslaget til vedtak er i tråd med å minska risikoen for kommunen. Mange frivillige lag og organisasjonar "heng" berre på eit par tre eldsjelar. Det er viktig at vi hjelp desse til å halde liv i aktivitetane, sa rådmann Knut Terje Rekve.

- Det å gje garantiar har jo ein positiv spinn-off i høve til at det skjer ting i kommunen. Det er viktig at vi ikkje gløymer i den store samanhengen, oppsummerte Norvald Skåtøy (Ap).

Formannskapet slutta seg til administrasjonen sitt framlegg til vedtak. Også denne saka skal endeleg behandlast i kommunestyret kommande tysdag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.