Sport | 07. mars 2012

– Gøy og effektiv kampsport

Os Karateklubb set opp eige sjølvforsvarskurs for vaksne.

– Gøy og effektiv kampsport
Knep kan virka, men det er i hovudsak slag, spark og teori du får læra på sjølvforsvarskurset til karateklubben. (Ill. foto: Os Karateklubb)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 07. mars 2012 13:38

I kveld er første runde i Os Karateklubb sitt nye sjølvforsvarskurs.

Det handlar om effektivt sjølvforsvar, men også om gleden av å trena slag og spark, sjølv om du kanskje er blant dei som trur at du ikkje er i god nok form.

– Mange seier nettopp det, at dei lenge har hatt lyst til å trena kampsport, men at dei trur at dei er for gamle eller at dei ikkje er i god nok form.

– Men karate er ein idrett som passar for mange, den eldste eg trener med er 68 år, fortel Cato Bruarøy.

Bruarøy har trent karate i 28 år og har sjette grad svart belte. Han er også hovudinstruktør, sensei, for organisasjonen som Os Karateklubb er del av.

Lenge sidan sist

Årsaka til at Os Karateklubb no set opp kurs har ikkje med valdsepisodar i Os eller andre stadar å gjera, men at dette er noko dei gjer med meir eller mindre fast frekvens.

– Vi har hatt fleire sånne kurs dei siste 20 åra, men no er det 5-6 år sidan sist og vi har fått det til å klaffa med både timeplan og instruktørar.

– Vi har mange vaksne i klubben frå før, men har merka litt etterspurnad etter trening for vaksne, heilt nye medlemmar.

Det er to av dei mest erfarne instruktørane i klubben som held sjølvforsvarskurset.

Effektivt?

Treninga er lagt opp til å passa vaksne, også dei som ikkje er i god fysisk form, og består av både mosjon, teknikktrening og teori.

– I tillegg til å trena grunnleggande karateteknikkar vil vi innom grunnleggande teori om sjølvforsvar.

– Er det effektivt nok til at ei jente kan rekna med å stå betre rusta om ho blir overfalt av ein langt sterkare og tyngre motstandar?

– Ja. Alt kjem an på situasjonen og dei involverte, men er du bevisst på kva som virker og har øvd godt på dette så kan éitt enkelt slag gje deg dei sekunda du treng til å koma deg vekk frå ein farleg situasjon.

Tre situasjonskategoriar

Cato deler typiske kampsituasjonar inn i tre kategoriar:

1. Situasjonar der du har kontroll, anten du for eksempel er politimann, dørvakt eller privatperson som skal prøva å hindra ein full kamerat i å skada seg sjølv eller andre i eit bryllaup.

2. Tvekamp. Ein konkurranse eller ein rein slåsskamp mellom to like partar der begge trur dei kan, og har grunnlag for, å vinna over den andre.

3. Situasjonar der du er underlegen, anten du veit det eller ikkje. Der den eine er sterkare, har våpen, fleire mot éin eller har andre fordelar.

– Kampsport kan du ha nytte av i alle desse situasjonane, men det er den tredje som er klassisk sjølvforsvar.

– Det som er viktig er å vera bevisst over at du i slike situasjonar ikkje har som mål å overvinna motstandaren - det handlar berre om å bli minst mogleg skadd, noko som i dei fleste tilfelle betyr å koma seg vekk.

– Klarer du det har du vunne. Du treng ikkje vera sterk eller ekstremt teknisk, du må berre veta kva du skal gjera og handla raskt.

– Det enkle er best

På sjølvforsvarskurs er det vanleg at deltakarane håper på å læra lure grep eller triks som dei kan overrumpla motstandaren med.

– Eg merker at mange ventar at dei skal læra kast og knep, men sjølv så har eg lite tru på at ei dame på 50 kilo skal koma seg vekk ved å bøya på tommelen til ein mann på 90 kilo.

– Enkelte smarte teknikkar finnest, men i grove trekk handlar det om det enkle, det å læra seg å slå og sparka, saman med teori. Det aller beste forsvaret er å koma seg unna utan at det blir noko fysisk konflikt, eller å klara å roa ned situasjonen eller få hjelp frå dørvaktar og politi.

– Og så skal eit sånt kurs vera god mosjon og litt gøy. Kampsport er spennande og kjekt, heldigvis er det dei færraste av oss som får bruk for det vi kan utanfor treningslokalet, seier Cato Bruarøy.

Første trening er onsdag kveld.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.