Sport | 27. apr. 2009

Graset er klart

I dag skal Mats Cato Moldskred og Løv-Ham 2 prøva seg mot Os, på matta til Arvid Hjelle.

Graset er klart
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 27. apr. 2009 11:55

Arvid Hjelle har overtatt som banemeister etter Øyvind Bjørnen, som gav seg i fjor.
I dag får vi sjå kva grasmatta hans tåler.

- Banen er fin. Vêret har vore veldig bra, så den blir nok ikkje så mykje betre enn dette så tidleg på året, seier Arvid.

Stillinga er på 50 prosent. Måndag 20. april hadde Hjelle sin første dag som pensjonist, med Kuventræ som blanding mellom hobby og jobb.

Leiinga i Os Turn fortel om ein nevenyttig og engasjert banemeister og vaktmester. Med fortid som tømrar har han innreia det nye utstyrsskuret med veggar, tak, hyller og skap. Og han har også vist seg å ha ganske grøne fingrar.

- Banen er overraskanda bra, heilt fantastisk til å vera så tidleg på året, seier trenar Frank Hellevik.

Mats Cato spelar
Tidlegare Os-spelar Mats Cato Moldskred har vore sjuk i det siste. Men han har kome innpå i dei fleste A-kampane til Løv-Ham, og er klar for Løv-Ham 2 mot Os i dag.

- Eg har jo sett kva Vegard Leikvoll Moberg seier han skal gjera med meg, så vi får sjå kva han får til, seier Mats Cato til midtsiden.no.

Moldskred får også den sterke indreløparen Torkel Hjertnes å bryna seg på i kampen måndag kveld.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.