Grim (13) er booka til Øyafest
– Eg trur det blir både fascinerande og inspirerande for unge og vaksne å sjå denne trommespelaren i aksjon.


Om fem veker er Øyafest godt i gang. Festivalen startar, som vanleg, med Rebus Run i båt for ungar torsdagen og gratiskonsert i Homrahølo på kvelden.
Fredag 1. august er det familiedag med aktivitetar og underhaldning.
– Programmet er omtrent komplett og klart, det er ikkje lenge til me kan avsløra heile, seier Ivar Bøthun, ein av dei to festivalsjefane.
I dag går han ut med kva artist som speler denne dagen.
– Me har booka det unge, store trommetalentet Grim Spencer Sælen Grønvigh. Han er lokal og me er imponert over det me har sett, lese og høyrd om denne rockaren.
I februar hadde Midtsiden intervju og video av litt av repertoaret til Grim.
Grim Spencer Sælen Grønvigh (fødd i 2012) frå Os blir kalla eit unikt trommetalent.
Mykje av det han kan har han lært seg sjølv. Først som 11-åring byrja han på kulturskulen.

– Eg har undervist på trommer i 20 år, og har hatt tre veldig talentfulle elevar. Grim er éin av dei, og han er nok det største talentet eg nokon gong får oppleva i løpet av lærarkarriera mi, sa læraren Torstein Åvar Sollien til Midtsiden i vinter.
Seinare same månad spelte han under «Forrykande Festleg Fiesta» med kulturskulen i Oseana.
– Du sa i vinter at du drøymde om å få deg band. Har du kome vidare med målet?
– Eg har ikkje eit band, men eg meldte meg på eit band-kurs hos Fana ungdomslag i vår.
– Der møtte eg fleire unge musikantar på ulike instrument, og øvde ein del med ein flink bassist, seier Grim.
Kurset gjekk over fleire veker og enda med konsert i juni.
Her er Grim i aksjon i Fana kulturhus på 13-årsdagen sin saman med læraren og ein annan elev på kurset:
Grim synest det er stort å bli booka til Øyafest.
– Eg trur det blir veldig kjekt. Det er fint å få spela på eit arrangement som er gratis, då kjem det kanskje mange i ulik alder.
– På kulturskulen får eg ikkje velja låtar sjølv, men det kan eg no.
– Her kan det koma mange unge. Skal du øva inn barnesongar no?
– Nei. Det kan godt henda at mange ungar liker rock. Det gjorde eg, seier Grim, som var eitt og to år på dei to siste utgåvene av Søfteland Rock N Lol, der han var del av publikum på dagtid.

Grim har no byrja å øva på både bass og gitar, men trommer er framleis hovudinstrumentet og det han er booka til Øyafest for å spela.
– Det blir likevel med band. Han har ikkje eit fast band, men me er godt i gang med å tromma saman eit passande band til familiedagen på Øyafest, seier pappa Kjetil Osablod Grønvigh.
– Det ser veldig bra ut, men me ventar litt med å fortelja kven han får med seg på scenen denne dagen.
No er desse boka til Øyafest 2025
Torsdag, dagtid: Rebus Run (for ungar i båt)
Torsdag: Eva Weel Skram og Elida Waage
Fredag, dagtid: Grim Spencer Sælen Grønvigh (trommer)
Fredag (utselt): Vidar Villa og Jonas Lovv
Laurdag: Synne Vo, Gunslingers og CC Cowboys
Tilbakeblikk – sjå alle sakene våre om Øyafest på midtsiden.no/emne/oyafest