Korona | 14. jan. 2022

Grønt nivå i grunnskulen i Bjørnafjorden

Kommunal kriseleiing med nytt vedtak fredag ettermiddag.

Grønt nivå i grunnskulen i Bjørnafjorden
Lysekloster barneskule får eit nivå som matchar fasaden. (Ill. foto frå ferdigstilling i 2015: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 14. jan. 2022 15:05

Regjeringa har letta på ein del smitteverntiltak, mellom anna for karantene for øvrige nærkontaktar, fritidsaktivitetar, tiltaksnivå i barnehage/skule og skjenking.

Påbod om munnbind, restriksjonar for arrangement og heimekontor for dei som kan, gjeld framleis.

Les ògEndring i tiltaka


Kommunal kriseleiing (KKL) i Bjørnafjorden kommune har vedtatt å innføra grønt tiltaksnivå ved barnehagar og skular frå neste veke:

  • Grønt nivå i barnehagane og vaksenopplæringa i Bjørnafjorden frå måndag 17. januar.
  • Grønt nivå i barne- og ungdomsskulane frå tysdag 18. januar.
  • Ordinær drift i kulturskulen frå måndag 17. januar.

Barnehagar og skular skal drive smittevernfagleg forsvarleg. Dersom smittesituasjonen tilseier det, kan ein enkelt barnehage eller skule difor innføre eit høgare tiltaksnivå.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.