Kultur | 14. jan. 2022

Opnar igjen - med utvida opningstid

Oseana vil ha meir liv i huset på ettermiddagane.

Opnar igjen - med utvida opningstid
Oseana stengte 24. desember. No utvidar dei opningstidene. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 14. jan. 2022 14:58

Oseana har vore julestengd frå 24. desember, men opnar med nye tider frå laurdag 15. januar.

Det blir lengre opningstid på ettermiddagar, og huset opnar ein time tidlegare på laurdagar. Slik vil Oseana skapa rom for fleire aktiivtetar mellom anna i foaje, og gjera det lettare for folk å nytta huset også på ettermiddagstid.

– Vi ønskjer at kulturhuset i kommunen skal bli brukt av fleire. Eitt av tiltaka er å opna dørene lengre på ettermiddagane, seier direktør Ole Tobias Lindeberg.

Oseana ser føre seg eit samarbeid med lag og organisasjonar, grupper og andre som vil bidra med lågterskeltilbod gjennom heile året.

– Vi kan for eksempel laga spelekveldar, enkle matkveldar eller ei strikkestund. Tanken er at det ikkje skal kosta for mykje, og det skal vere enkelt. Målet er at vi skal vera relevant for endå fleire grupper i bygda vår.

Dei nye opningstidene inneber at huset har ope lengre på ettermiddagen i vekedagane og opnar ein time tidlegare på laurdagar.

Huset er frå i morgon ope seks dagar i veka, berre måndag er stengt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.