Lokal | 27. aug. 2009

Gror inne

Dei kommunale bustadane på Haugsneset har stått i halvtanna år utan stell av uteområdet. No er Martin Eikeland lei.

Gror inne
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 27. aug. 2009 10:39

Bildeserie:

1 av 3

- Eg flytta til Haugsneset i april 2008, og reagerte etter ei stund på at det såg veldig ustelt ut, seier Martin Eikeland til Midtsiden.no.

Naboane fortalte han at dei hadde blitt lova både luking, klipping av hekk og felling av nokre tre som skjermar for utsikt og kveldssol.

Men no har det gått over eit år utan at noko har skjedd.

Får ikkje svar
Eikeland har vore i kontakt med Os kommune fleire gongar dei siste månadane, men seier han ikkje har fått konkrete svar.

- Dei har sagt at det er krangel mellom to firma, om kven si oppgåve dette er.

- Har du eller naboane vurdert å utføra litt vedlikehald sjølv?

- Nei. Når ikkje dei har vore meir imøtekomande enn dette så blir eg ikkje akkurat inspirert til å gjera andre sin jobb, svarar Martin.

Arbeid er bestilt
Eigedomsforvaltar Kari Fjeldstad seier at ho har vore på synfaring på Haugsneset, og at arbeidet er bestil hos Os Bygg og Eigedom.

- I neste veke, frå tysdag 1. september, får vi vaktmeistarane og gartnaren over frå OBE til Os kommune. Så det blir nok som tilsette i kommunen at gartnaren utfører tenesta, seier Fjeldstad.

Prioriterer gras
Tidlegare var det to gartnarar som tok seg av kommunal eigedom, no er det éin. Årstida har vore med på å bestemma korleis oppgåvene har blitt prioriterte.

- I sommar har vi måtta prioritera grasklipping og stell av grøntareal nær sentrum. No har vi fleire oppgåver som ventar på oss ved annan kommunal eigedom, og dei blir tatt utover hausten.

- Det er om sommaren vi legg best merke til høge tre og bugnande planter, men hausten er ei fin tid å fella tre på, legg ho til.

Fjeldstad fortel at kommunen har fått melding om etterlengta hagestell også ved nokre andre kommunale eigedomar i Os.

- Eg har laga ei liste og den skal vi jobba oss gjennom i månadane som kjem.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.