Gulholmen eller Kobbavågen?

E39 Stord-Os: Dagløysing er forkasta. No ser Statens vegvesen på om brua skal landa på Fluo utanfor Kobbavågen eller på Gulholmen.

Signe Eikenes fortalde om status i prosjektet (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 11. mai 2017 20:43

Bildeserie:

Vegvesenet har gjort ei rask modellering av moglegheiten til støyskjerming
Landing via Fluo utanfor Kobbavågen
Landing via Gulhomen
Modell for brufestet på Gulholmen med nye øyar og vollar som støyskjerming
Vegvesenet har gjort ei rask modellering av moglegheiten til støyskjerming
Landing via Fluo utanfor Kobbavågen
1 av 4
Landing via Fluo utanfor Kobbavågen
Landing via Gulhomen
Modell for brufestet på Gulholmen med nye øyar og vollar som støyskjerming
Vegvesenet har gjort ei rask modellering av moglegheiten til støyskjerming

Statens Vegvesen orienterte om status og oppsummerte frå idéverkstaden tysdag, då dei held informasjonsmøte for 60-70 personar i Oseana torsdag kveld.

– Kommunedelplanen låg ute på høyring. Det kom inn 134 høyringsuttaler. Eitt av spørsmåla vi stilte der var om vi skulle velje dagløysing eller gå i tunnel. ingen av dei private svarte på det, men det var mange som sa dei ikkje ville ha bru i det heile tatt.

– Kommunen sa at dagline var uaktuelt, og det er det etter vår vurdering òg. Daglinealternativet var dårleg og det er heller ikkje den billigaste løysinga, så den har vi forkasta, fortalde prosjektleiar Signe Eikenes i Statens vegvesen.

– Må vi inn i Kobbavågen?

Eikenes poengterte at deira oppdrag er å planlegga den midtre traseen som er vedteken etter konseptvalutgreiinga.

– Vi har merka oss den store lokale motstanden mot inngrep i Kobbavågen, så vi stilte oss spørsmålet om vi er teknisk avhengige av Flua?

– Teknisk, økonomisk og miljømessig kan det vera lurt å unngå inngrep i sjølve Kobbavågen. Difor har vi sett på at vi kan gå lengre aust til Gulhomen med ei sideforankra eller endeforankra flytebru. Vi meiner òg det er fornuftig å få til ein passasje på innsida av Gulholmen, forklarte Eikenes medan ho viste modellar for dei ulike løysingane.

Seglingsled mot Rekstern

Fleire av dei som var tilstades lurte på kor seglingsleden ville koma. Kunne ein risikera at brua blei på det høgste på Os-sida.

– Det er litt avhengig av kva bruløysing vi vel. For den eine løysingen vil seglingshøgda vera 14 meter heile vegen, då vil hurtigbåtar og andre koma greitt under heile strekket. Under høgbrua vil den bli 48 meter, tilsvarande som Sotrabrua. Denne vil bli lagt i sørenden, ikkje mot Os, av den enkle grunn at stigninga frå tunnelen til brua då vil bli for bratt, forklarte Eikenes.

Tilfredsstiller støykrav for friluftsområder

Ei av tilbakemeldingane vegvesenet fekk på idéverkstaden var at Sørmarkjo måtte skjermast mest mogleg mot støy.

– Vi har gjort nokre kjappe støyberekningar. Desse syner at det er mogleg å skjerme for støy ved hjelp av voller eller tekniske løysinger slik at støyen blir under 40 db, som er kravet til friluftsområder utanfor urbane strøk. Detaljane i støyskjerminga er noko vi vil sjå nærare på når vi kjem til neste fase i arbeidet og skal byrja med detaljreguleringa.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.