Gull til Oddvar Eikemo
Oddvar Eikemo fulgte fredag opp Sofie Evensen på Landsskytterstemnet og vann V73 i feltskyting. Dermed har Os skyttarlag to gull så langt!
Bildeserie:
Fredag er det feltskyting som står i fokus på Landsskytterstemnet på Lesja. Fleire osingar har skutt seg til finalar. Først ut var Oddvar Eikemo, Else Eidsvik og Steinar Eidsvik i klasse V73 Finfelt.
Dei tre osingane skaut i det første av tre lag i finalen og snakk om kanonskyting.
Trudde fleire ville fylla
Oddvar Eikemo skaut 12/12, noko som betyr at han satte alle dei tolv skudda i sentrum. Else Eidsvik var ikkje mykje dårlegare med 12/10.
– Korleis er det å skyte så tidleg på dagen, undra stadionspeakaren før det tredje og siste laget skulle skyte si finale.
– Eg er A-menneskje, så det passa utmerka.
– Held det heilt inn, ville speakeren vita.
– Nei eg trur det er fleire som kjem til å fylla, svara ein sindig Eikemo før anvisninga av dei siste skyttarane. Han måtte innrømme at pulsen var høgre medan han venta enn då han skaut.
God flyt
Då anvisninga var ferdig var konklusjonen klar. Oddvar Eikemo vann landsskytterstemnet 2015.
– Det holdt heilt inn, kommenterte speakeren.
– Det hadde eg aldri trudd. Ein skal ha flaks av og til, smilte Os-skyttaren som fortalde han følte han hadde god flyt i serien.
Else Eidsvik enda på ein sterk 5. plass og var nær ved å bli historisk då ho kunne blitt den første kvinna til å gå på pallen i eldste veteran. Ho var berre ein innertreff unna.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.