Lokal | 13. sep. 2019

Gut dømt til fengsel etter køyring i høg fart

Blei ikkje trudd i retten.

Gut dømt til fengsel etter køyring i høg fart
Bergen tinghus. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 13. sep. 2019 07:15

I desember i fjor, det same året som han fekk førarkort, blei ein ung mann frå Os målt til 112 km/t i ei 50-sone på Danmarksplass i Bergen.

Bilførar nekta for å ha køyrd så fort, og samtykka ikkje i førarkortbeslag. Men politiet heldt på førarkortet fram til februar.

I førre veke var saka hans oppe i retten.

Fire venninner som sat i bilen var vitne. Alle meinte at det var usannsynleg at han hadde køyrd så fort, men ingen av dei hadde sett på speedometeret, og retten la lite vekt på deira forklaring. Tiltalte forklarte at han hadde halde ein fart rundt fartsgrensa, og at han låg bak ein annan bil som heldt omtrent same fart.

Men retten såg vekk frå tiltalte si forklaring. Politiet hadde stått med laser og god sikt mot tiltalte sin bil.

Tiltalte blei dømt til 18 dagar fengsel utan vilkår og til tap av førarretten i 22 månadar. Han må òg betala 2000 kroner i sakskostnadar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.