Politi | 26. aug. 2021

Gut mista lappen etter kontroll på Søfteland

UP med kontroll på E39.

Gut mista lappen etter kontroll på Søfteland
UP stoppa ein ung bilist i ei 60-sone på Søfteland onsdag kveld. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 26. aug. 2021 08:08

Utrykningspolitiet hadde onsdag fartskontroll på E39 Byvegen.

Klokka 23.17 målte dei ein bil til 90 km/t i ei 60-sone.

– Bilførar er ein gut i tenåra. Det blei tatt beslag i førarkortet, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Førarkortet ryker frå og med 86 km/t når fartsgrensa er 60 km/t.

Hadde han køyrd i 85 km/t ville det blitt forelegg på 9.050 kroner, i staden kan nok den ferske bilføraren venta seg ei høgare bot og nokre månadar som fotgjengar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.