Lokal | 11. nov. 2018

Gut slått i ansiktet av framand mann

Politiet rykte ut på tre tilfelle av bråk i Os sentrum i natt.

Gut slått i ansiktet av framand mann
Politiet tokhand om tre personar som hadde vore i trøbbel i Os sentrum natt til søndag. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 11. nov. 2018 08:02

Natt til søndag var det fleire episodar med bråk i løpet av den siste halvtimen med skjenking.

– Vi fekk melding frå ein utestad i 2.30-tida, og møtte ein kar på utsida. På bakgrunn av korleis han hadde oppført seg før vi kom til staden, fekk han pålegg om å fjerna seg frå sentrum og å halda seg vekke resten av natta, fortel politibetjent Martin Nordeide.

Mens politiet var på staden blei ein annan mann kasta ut. Også han fekk marsjordre.

– Begge er menn i midten av 20-åra, begge såg ut til å retta seg etter pålegget dei blei ilagt.

Delte ut slag og sprang frå staden

I 3-tida kom politiet over ein gut som hadde blitt slått i ansiktet.

– Han blødde frå munn og nase, og hadde problem med å stå oppreist, fortel politiet.

Guten, som er i slutten av tenåra, forklarte at ein ukjent mann hadde slått og så hadde han stukke frå staden.

Fornærma blei køyrd til legevakt for sjekk. Det er oppretta sak og politiet tok bilde av skadene.

– Vi veit førebels ikkje kven mistenkte er, seier politiet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.