Politi | 05. apr. 2023

Gut tatt etter busk-brann i Os sentrum

Stakk frå staden, men blei innhenta av politiet.

Gut tatt etter busk-brann i Os sentrum
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 05. apr. 2023 07:56

Tysdag klokka 16.47 fekk politiet melding om nokre ungdomar som hadde tent på ein busk i Os sentrum.

– Det var ein del røyk og flammar, men brannen blei sløkt med vatn av meldar, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Ungdomane stakk frå staden retning Lyngheim, men blei innhenta av politiet.

– Gjerningspersonen er ein gut på rett under 16 år. Han har forklart at han hadde kasta ei fyrstikk inn i busken. Sak er oppretta, fortel Lyssand.

Ber bilførar melda seg etter uhell i mars

På formiddagen i går fekk politiet melding om eit uhell som skjedde i Os sentrum i slutten av mars.

– På ein parkeringsplass var det eit uhell der speglet på bilen til ein av partane blei slått laust og gjekk i bakken.

– Vi ber førar av den andre bilen om å melda seg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.