Kultur | 01. mars 2011

«Haba Haba» på Våge

Tysnesfest held fram med å fylla på med kjente og aktuelle artistar. No er også Stella Mwangi klar.

«Haba Haba» på Våge
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 01. mars 2011 19:54

Det er ikkje berre på kveldstid Tysnesfest lokkar med kjente artistar, i 2009 sto Erik og Kriss på scenen under marknadsdagen om laurdagen, i fjor var det Venke Knutson sin tur og i år kjem Stella Nyambura Mwangi.

- Vi er opptatt av at alle aldrar skal få eit godt tilbod under Tysnesfes og vi er stolte av at vi i år kan by på konsert med Stella, seier bookingansvarleg Sigvard Madsen.

Stella Mwangi, som opprinneleg er frå Kenya, har blant anna laga musikk til American Pie 5: The Naked Mile og Save the Last Dance 2.

Stella vann den norske finalen i Melodi Grand Prix og skal representera Noreg i den internasjonale finalen i Düsseldorf i mai i år.

Laurdag 9. juli går turen til Tysnes for Stella, så då blir det «Haba Haba» på heile ferjekaien.

Desse er også blant dei som er klare for årets Tysnesfest:

• TOTO
• Madcon
• Ole Edvard Antonsen
• Knut Reiersrud og Iver Kleive

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.