Lokal | 09. feb. 2018

Hadde 1869 tvangssaker i 2017

Osingar i luksusfelle: 1.758 av tvangssakene er utlegg etter manglande betaling av rekningar.

Hadde 1869 tvangssaker i 2017
Åsta Bakke-Mjelde, leiar for sivil avdeling ved Os lensmannskontor, har hyllene fulle av rekningane osingane ikkje betaler. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 09. feb. 2018 08:39

Då Os lensmannskontor denne veka la fram statistikk for 2017, fekk vi òg presentert tal frå sivil avdeling.

Leiar Åsta Bakke-Mjelde viste desse hovudtala (tal for 2016 i parantes):
Tvangssaker: 1.869 (1.586)
Forliksrådssaker: 286 (273)
Forkynningar: 535 (597)
Dødsfall: 104 (110)
Pass: 2.765 (3.163)

Innan tvang deler sakene seg sånn:
Utlegg: 1.758 (1.495)
Utkasting: 20 (15)
Tvangsal/tilbakelevering: 43 (28)
Anvisning innkreving: 29 (23)
Utlevering: 8 (11)

– Frå 2015 til 2016 hadde vi ei stor auke innan utlegg, opp heile 30 prosent. Det held fram med å auka, ikkje med same fart, men 18 prosent er mykje det òg, seier Bakke-Mjelde.

Utlegg kjem når rekningar, purringar og inkassovarsel ikkje blir betalt.

Av 1.758 utlegg i fjor, i snitt nesten 5 for dagen, har enkelte personar fleire utlegg, gjerne over 10.

– Mange blir letta

Når ei sak går til Namsmannen, og politiet skal vurdera utlegg, er det framleis ikkje for seint å unngå betalingsmerknad.

– Når kravet har gått så langt, vil dei fleste reagera. Heldigvis. Etter å ha snakka med oss er det mange som seier eller viser at dei er letta over å ha gjort opp for seg, eller å ha fått ei ordning.

Om ikkje kravet blir gjort opp kan det bli lønnstrekk, tvangssal eller, ved manglande jobb og verdigjenstandar å ta pant i eller å selja, notert som «intet til utlegg».

– I så fall blir det ein merknad, men då er vedkomande i det minste i gang med å gjera opp for seg. Å ha ubetalte rekningar kan skapa tungsinn og stress.

Når rekninga veks frå 240 kroner til 3.751 kroner

Bakke-Mjelde fortel at enkelte krav er på kredittkort og forbrukslån, gjerne brukt på ein ferie eller anna forbruk.

– Det er tydeleg at det er lett for å handla over evne. Kreditt er lett tilgjengeleg, men det er viktig å ha ein plan og eit budsjett for å betala tilbake.

Når økonomien blir stram er det fleire som også slurvar med smårekningar. Då kan fort mange krav veksa seg store.

– Blant utleggssakene vi har hatt inne er ubetalte legerekningar. Om 240 kroner går til inkasso veks det til 3.751 kroner. Har du fleire smårekningar som har venta like lenge, kan sluttsummen bli langt større enn kva den hadde trengt å bli.

– Enkelte ser ut til å ha postkasseskrekk. Vi driv ikkje gjeldsrådgjeving, men eit enkelt råd er; opna all post, betal smårekningane innan frist og ta kontakt tidleg med kreditorar om du har vanskar med å betala. Også store selskap kan vera fleksible, men då må du ringa dei FØR dei sender saka vidare til inkassobyrå.

Fem utkastingar berre i januar

Talet på utkastingar, der manglande betaling av husleige har gjort at leigetakar må ut, men gjerne ikkje har ein plass å flytta til, auka frå 15 i 2016 til 20 i fjor.

– Dette talet har vore ganske stabilt dei siste åra, og har vore oppe i 20 før òg. Berre i januar hadde vi 5 utkastingar.

Tvangssal og tilbakelevering vaks frå 28 til 43.

– Her er det som oftast snakk om bilar som folk ikkje betaler avdrag på, eller som dei har kjøpt brukt utan å betala seljar. Det er ekstra trist når kreditor er privatpersonar, som gjerne har andre ting dei skulle brukt desse pengane på.

– Vi ser òg at bilane vi leverer tilbake er noko nyare og dyrare no enn før, folk kjøper litt dyrare bilar enn dei har råd til.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.