Politi | 09. nov. 2022

Hadde fartskontroll i Endelausmarka

Berre éin køyrde for fort.

Hadde fartskontroll i Endelausmarka
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 09. nov. 2022 09:03

Tysdag ettermiddag hadde politiet fartskontroll på E39 Halhjemsvegen i Endelausmarka.

– Det blei skrive ut eitt forenkla forelegg, fortel politioverbetjent Atle Birkeland.

Vedkomande blei målt i 113 km/t i 100-sona.

Det fører til 3.700 kroner i forelegg, men ingen prikkar på førarkortet.

Du får prikkar på førarkortet når du køyrer 16 km/t over fartsgrensa der fartsgrensa er 70 km/t eller meir.

Om fartsgrensa er 60 km/t eller lågare, kjem dei første prikkane når du er 11 km/t over.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.