Politi | 23. jan. 2023

Hadde to promillekontrollar i helga

96 bilistar blei kontrollerte.

Hadde to promillekontrollar i helga
Ein av stadane politiet hadde kontroll var i Lønningdal. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 23. jan. 2023 11:21

Politiet i Os har hatt ei travel helg, men fekk tid til nokre tiltak i trafikken mellom slaga.

Laurdag kveld i 23.30-tida blei ein bil parkert på Hatvik avskilta.

Årsaka var manglande EU-godkjenning.

Søndag i 09-tida gjennomførte politiet ein promillekontroll på gamle E39, Byvegen.

– 33 bilistar blei kontrollerte. Patruljen fann ikkje noko å reagera på, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Måndag morgon litt før klokka 05 hadde politiet promillekontroll i Lønningdal.

Der blei 63 bilistar kontrollerte, også her utan at det førte til nokon reaksjon.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.