Sport | 18. jan. 2011

Håland vs Huseklepp

BA.no blei imponert over Ørjan Håland sin innsats for Brann TV.

Håland vs Huseklepp
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 18. jan. 2011 21:29

Då Erik Huseklepp, osingen Bjarte Haugsdal og resten av Brann i dag var gjennom fysiske testar i Vestlandshallen i dag, var både Brann TV og Bergensavisen med for å dokumentera.

For Brann TV stilte som vanleg ein annan osing, Søre Neset-spelar Ørjan Håland. Og han var ifølgje BA-journalist Rune Ulvik den som imponerte mest.

Håland sprang nesten like fort (kremt) som Huseklepp, trass i at han sprang sidelengs med kamera i nevane.

Sjå video på BA.no.

- Det er for å sjå om den fysiske treninga vi driv med fungerer, seier assistenttrenar Kenneth Mikkelsen om dagens testar.

Håland sin fangst med kamera kan du sjå på Brann.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.