– Halhjemsvegen gjorde inntrykk

Høgre går for bru over Bjørnafjorden, men tar med uttale frå Os. – Erna vil også har Bjørnatrynet-Svegatjørn i tunnel, seier ordførar Marie Lunde Bruarøy.

Erna Solberg på bussen mellom Halhjem og Os. (Privat mobilbilde/foto: Marie Lunde Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 31. juli 2013 11:26

Søndag var det borgarleg E39-visitt i Os. Høgre-leiar Erna Solberg hadde vore på lunsj hos foreldra til Knut Arild Hareide, saman med KrF-leiaren, og møtte lokalpolitikarar frå Os og Bergen på Halhjem.

Fungerande ordførar Marie Lunde Bruarøy (H) og leiar for samferdsleutvalet i Hordaland, Gustav Bahus (Frp), møtte frå Os.

Bergen-ordførar Trude Drevland (H) og partikollega Monica Mæland møtte frå nabokommunen i nord.

– Vi fekk ein prat på ferjekaien, og i bussen inn til Os, før vi stoppa ved Ulvenparken og Svegatjørn, der vegen og første tunnelinnslag kjem til ny E39 til Bergen, seier Bruarøy.

Tar med seg uttale frå Os

Høgre har, både på fylkesnivå og sentralt, bestemt seg for å gå for midtre trasé, altså bru over Bjørnafjorden.

– Heldigvis var eg på møtet med fylket, og vi har fått inn uttalen frå Os kommuestyre 5. februar, seier ordførar Bruarøy.

Uttalen, som Høgre altså har slutta seg til, også sentralt, seier blant anna dette om midtre trasé:

• Ilandføring av bru i Os skal ikkje skje i Søre Øyane/Røttingen og via øyane innanfor, men leggjast til Halhjem/Bjørnatrynet og vegen førast vidare i tunell mot Moberg/Svegatjørn.

• Nærmiljøet langs eksisterande E39 Halhjem-Moberg må skjermast ved at ny firefelt motorveg vert lagt i tunnell på denne strekninga.

– Erna Solberg kommenterte i bussen kor mykje det var bygd langs Halhjemsvegen, og at denne ikkje var eigna for utviding til fire felt. Mest mogleg av vegen frå Bjørnatrynet til Svegatjørn bør byggast i tunnel, seier Marie Bruarøy.

Vil bygga betre og raskare

Men det var ikkje traséval Solberg, Bruarøy og resten av følgjet snakka mest om.

– Vi fortalte om prosessen med Svegatjørn-Rådal og kor tungrodd prosessen har vore.

– Det er ti år sidan bompengeselskapet blei stifta og vi står, sjølv om prosjektet i år endeleg var inne i Nasjonal Transportplan, utan godkjenning i Stortinget.

Byggestart i 2018?

– Det er heilt utruleg kor mykje tid som går med til kvalitetssikring, og i løpet av tida som går vekk kjem nye reglar, så du må ta heile prosessen på nytt igjen.

– Å bygga betre og tryggare vegar, raskare, er blant Høgre sine kjernesaker, seier Bruarøy.

Erna Solberg gjekk måndag ut i BT og sa at dei borgarlege kan koma i gang med bygging av ny E39 mellom Stord og Bergen to år tidlegare enn dei raudgrøne.

– Erna sat faktisk sjølv i Bystyret då dei i 1988 vedtok traséval mellom Bergen og Os. Det byrjar å bli nokre år sidan, og fortel litt om kor lite effektiv prosessen vidare har vore med dagens system, meiner Bruarøy.

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.