Næringsliv | 10. mai 2023

Haltbakk Express skaper kø på Søfteland

Har droppa prisane for å laga opningsfest. – Eg tviler på at nokon matchar oss i dag.

Haltbakk Express klokka 08.30 i dag. Seinare er det venta meir trafikk. (Foto: Privat)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 10. mai 2023 07:00

I midten av april blei det kjent at bensinstasjonen Er-An, som har hatt pumpene i drift etter stenging av kiosken i september i fjor, hadde fått ny leigetakar.

Onsdag 26. april var pumpene til Haltbakk Express i gang, i dag markerer dei opning av ny bensinstasjon.

Haltbakk Express hart byrja å teikna korleis stasjonen skal sjå ut. (Foto/ill: Haltbakk Express AS)
Les ògSatsing på Søfteland: Nytt firma overtar pumpene

– Vi skal servera Søftelandsbollen frå Joker, kaffi og brus.

– Men det viktigaste vi serverer i dag er nok drivstoff, seier Tore Veland frå Haltbakk Express.

Klokka 04.30 skrudde han prisane ned til 16,99 på diesel og 17,99 på bensin.

– Prismasta vi har bestilt kjem ikkje før om rundt sju veker, men folk har fått dette med seg.

Før klokka 08.30 hadde han allereie selt 1500 liter.

– Det har gått unna av begge delar, cirka 60/40 diesel og bensin.

Til samanlikning selde YX 14.000 til 15.000 liter i månaden frå E39 blei lagt om i slutten av oktober til no.

– Kor lenge kan du halda prisane så låge?

– Dei blir ståande ut dagen, uansett.

– Trur du andre vil matcha deg?

– Kanskje UnoX, om dei tør.

– Og då går du endå lågare?

– Eg veit ikkje, seier Veland og ler.

Om det blir tomt, lover han å fylla på.

– Vi har 50.000 liter på tankane, og tankbil ståande klar. Vi skal ikkje gå tom i dag, meiner han.

– Og så håper eg at nokre av dei som kjem innom tar seg tid til ein bolle, noko å drikka og ein prat.

Linda (nede til venstre) omfamna av gamle kollegaer på comebacket til vegkroa. (Foto: Susann H. Børnes)
Les ògStor gjensynsglede på Er-An Veikro

Førre onsdag var det også liv på Røykenes på Søfteland, då Er-An Veikro opna igjen.

I ettermiddag blir det truleg hektisk på begge sider av Byvegen, på både kro og bensinstasjon.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.