Hamna i grøfta, rusa på marihuana
Ein ung mann som kjørte utfor Hegglandsdalsvegen er dømt til fengsel på vilkår.
Tidleg ein laurdagmorgon i april hamna han i grøfta i Hegglandsdalvegen, lettare skadd.
Politi, ambulanse og brannvesen rykte ut til det som viste seg å vera kjøring i rusa tilstand.
Blodprøve tatt av førar viser at han var påverka av marihuana tilsvarande minst 0,5 i promille.
Sikta møtte i retten, sa seg skyldig og samtykka i avgjerd ved tilståelsesdom.
Tilståinga førte til 4 dagar rabatt, han blei dømt til 26 dagar fengsel på vilkår og til 10.000 kroner i bot for kjøring i rusa tilstand, uaktsam kjøring og for bruk av narkotika.
Han må også tola beslag av førarkortet i 15 månadar og må ta full, ny førarprøve for å få førarkortet tilbake.