Politi | 06. apr. 2021

Hamna på sjukehus etter å ha blanda brus og antibac

To ungdomar hadde eit uheldig eksperiment i påsken.

Hamna på sjukehus etter å ha blanda brus og antibac
To unge gutar prøvde å rusa seg på antibak torsdag. Dei blei henta ved kyrkjegarden og hamna på sjukehus. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 06. apr. 2021 08:01

I 17.30-tida skjærtorsdag rykte politi og ambulanse ut til Giskavollen ved kyrkjegarden, der to ungdomar som framsto som ute av stand til å ta vare på seg sjølv.

– Det viste seg at dei hadde blanda brus og antibak. Då dei drakk dette fekk dei problem med å stå. Dei hadde òg vanskar med å gjera reie for seg då vi kom til staden, fortel politioverbetjent Atle Birkeland.

Dei to gutane er i ungdomsskulealder.

Foreldra blei varsla, og gutane blei frakta til legevakt og seinare til Haukeland sjukehus for oppfølging.

Rusa mann meldt etter fest

Politiet skildrar påsken i Os som roleg.

– Vi fekk melding om fem ulike festar frå stadar som Lekven, Åsen og Hagavik. Den i Hagavik var den einaste der meldar var uroa for smittevern, der kan det ha vore rundt åtte personar samla. Elles handla det om støy.

Politiet var opptatt då meldinga om fest i Hagavik tikka inn. Ved dei andre festlege laga var det støy som ar utfordringa. Alle retta seg etter pålegg om å dempa lydnivået.

– Ved den eine festen møtte vi ein mann i 30-åra som framsto som rusa på andre ting enn alkohol. Vi fann òg noko vi mistenker er narkotika på mannen.

Han blei tatt med for urinprøve og er meldt for bruk og besittelse.

Køyrde fram og tilbake med promille på E39

I 01-tida natt til måndag kom det melding om vinglete køyring på E39 Byvegen.

– Bilen skal først ha køyrd i retning nord, men hadde retning sør då vi stoppa den på Søfteland.

Bilførar, ein mann i 20-åra frå Os, er mistenkt for promillekøyring. Det er tatt beslag i førarkortet og oppretta sak.

Tidlegare i påsken har vi skrive om ein rusa mann som blei vist av ein buss.

Der skal det ha vore bussjåføren som sendte passasjeren av, mens ein annan passasjer reagerte på at vedkomande ikkje fekk vera med vidare.

Spor langs vatnet

Søndag morgon var det søk i Hetleflåtvatnet etter observasjon av ein mann.

– Kva var bakgrunnen for søket?

– Ein forbipasserande observerte ein mann som såg ustø ut, som gjekk langs vatnet. Vedkomande meldte ifrå, og då patruljen fann spor langs vatnet, men ingen folk, ville vi søkja for å vera sikker.

Det var søk langs vatnet og frå lufta. Også redningsdykkarar var på staden. Men søket blei avslutta utan funn.

– Har vedkomande som blei skildra med «blå jakke og lysebrunt hår» meldt seg?

– Nei, han har dessverre ikkje det. Men det har heldigvis heller ikkje koma melding om sakna.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.