Lokal | 26. mars 2015

Håper på god respons

Den siste veka har 1000 husstander fått brev frå kommunen. – Vi håper mange tek seg tid til å svara på brukerundersøkinga, seier Simen Soltvedt.

Håper på god respons
Har du fått denne i postkassa di håper kommunen du tek deg tid til å svara på undersøkinga (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 26. mars 2015 12:53

Kommunen arbeider i desse dagar med å utarbeida ein oppdatert kommunikasjonsstrategi. I den samanhengen har dei sendt ut ei brukerundersøking til 1000 husstander fordelt over heile kommunen.

– Vi har fått trekt ut eit tilfeldig, men representativt utval over heile kommunen.

– Tilsette i kommunen har vore med på å distribuera breva med undersøkinga denne veka.

– No håper vi at innbyggjarane tek seg til til å hjelpa oss med å svara på undersøkinga, seier Simen Soltvedt i Os kommune.

Håpar få eit signal og retning

I undersøkinga stiller kommunen spørsmål om opplevd sørvisnivå, kva kanalar publikum nyttar når dei kontaktar kommunen, forventingar ein har til respons i dei forskjellige kanalane.

– Vi skal vera ei sørviskommune og håper undersøkinga kan hjelpa oss å finna den rette retninga og nokre hint om kva innbyggjarane ønskjer frå oss.

– Resultatat vil vi sjå i samanheng med dei mål og strategiar som allereie er vedtekne i kommunen, slik at vi kan få ein effektiv og god kommunikasjonsstrategi.

– Vi er ute etter den mest effektive kommunikasjons- og informasjonsflyten mellom kommunen og innbyggjarane, forklarar Soltvedt.

Brev eller elektronisk

Undersøkinga er sendt ut på gamle måten gjennom brev, men Soltvedt håpar mange vel å bruka det elektroniske skjemaet som er oppgitt i brevet når dei svarar på undersøkingen.

– Vi har vald denne forma for å nå også dei som ikkje er så vane med digital kommunikasjon.

– Ein kan anten svara på papirskjemaet eller logga seg inn på den nettadressa som står i brevet.

Spent på forskjellane

I tillegg til brukerundersøkinga har kommunen gjennomført tilsvarande undersøking blant eigne ansatte.

– Dei resultata har vi allereie klare.

– No er vi spent på det som kjem frå innbyggjarane og om det er forskjeller i dei ulike aldersgruppene.

– Er det slik at det er dei yngste som foretrekker digital kommunikasjon, eller er det ei hypotese som er feil, undrar Soltvedt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.