Politi | 20. jan. 2024

Har brukt politibetjent sitt nummer til svindel

Fleire eldre har blitt svindla for store beløp dei siste dagane.

Har brukt politibetjent sitt nummer til svindel
Vest politidistrikt åtvarar. (Foto: Nora Flatseth Trippestad)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 20. jan. 2024 08:46

Politiet i Troms sendte torsdag ut ei pressemelding om at dei, i løpet av det siste døgnet, i går ut en pressemelding om at de det siste døgnet, har blitt oppring frå fleire personar som har blitt utsett for bedrageri.

Felles for alle er at dei har blitt oppringt frå telefonnummer 48351223.

Vedkomande i andre enden har oppgitt seg for å ringa frå politiet, og sagt at han har behov for bank-id-en deira.

Fleire av dei som er utsette for oppringingane er busette i bergensområdet.

Fleire av dei er eldre, og det er snakk om betydelege beløp, opplyser politiet.

Nummeret som er nytta tilhøyrer ein tenesteperson i politiet. Vedkomande er utsett for sokalla «spoofing».

– Vi har grunn til å tru at svindlarane har kjennskap til at nummeret høyrer til ein polititilsett.

Politiet opmmodar folk, om dei blir oppringt frå dette nummeret, å ikkje oppgi personalia for så å avslutta samtalen.

Om du har gitt frå deg opplysingar, blir du oppfordra å ringa politiet på 02800.

To ferskare meldingar som neppe var verdt å respondera på.
To ferskare meldingar som neppe var verdt å respondera på.

Også tidlegare i januar, og i desember, kom det fleire meldingar om svindelforsøk.

Før jul var det pakkehenting som blei brukt i forsøk på å lura folk inn på nettsider som ikkje er til å stola på, tidlegare denne veka fekk vi melding om bank-id via sms.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.