Ghader Diab har investert mykje tid og pengar i å innreia det tidlegare Engeline-lokalet, og uterestauranten, på nytt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Har bygd ny restaurant i Engeline-lokalet

Tidlegare Havnechefen-kokk opnar i morgon sin eigen plass i Os sentrum.

image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I 2017 fortalte vi om flukten og svømmeturen til den syriske kokken Ghader Diab. Turen gjekk via Tyrkia og Hellas til Setesdal og Os. 

I løpet av to år i Os har han jobba på Havnechefen og Solstrand, tatt norsk førarkort, gifta seg og kjøpt leilegheit.

No har han starta sitt eige firma, i morgon opnar Ilya Kafé og Restaurant.

– Eit naturleg ønskje for ein kokk

– Eg har fått med meg éin til på kjøkkenet og tre servitørar, fortel Ghader, som har tatt ut sommarferie for å pussa opp lokalet.

– Det har vore travelt, men eg liker å jobba mykje. Eg trivst godt både på Havnechefen og Solstrand, og vil halda fram å jobba på hotellet mens eg driv Ilya. Som kokk har du lyst å setja ditt personlege preg på maten du lager. Med min eigen restaurant får eg setja mitt preg på alt frå meny til interiør.

Tysdag fekk han skjenkeløyve, i dag kom råvarene på plass i den nye kjølen.

– Ein kjøledisk er forseinka, den kjem tysdag. Men vi held oss til planen om opning laurdag likevel.

– Vil du òg driva pub?

– Nei. Vi vil ha kjøkkenet ope litt lengre enn ein del andre, så folk kan få seg mat på kvelden, men dette skal vera ein kafé og restaurant, ikkje ein skjenkeplass.

Framstår som ny

Lokalet har vore stengt sidan juni 2018. Engeline er no bygd om til Ilya og framstår som ny frå topp og nesten til tå.

– Golvet var fint, men vi har pussa opp nesten alt det andre. Delar av kjøkkenet er nytt, disk, veggar og møblar inne og ute er òg nye, fortel Ghader.

Restauranten har både stolar og sitjegrupper i sofa.

– Eg vil at dette skal bli ein plass å kosa seg. Ein fin plass å eta, men òg ein god plass å vera.

– Kva skal stå på menyen?

– Norsk, arabisk og spansk mat, frå tapas og hamburger til eit breidt utval av salatar, saman med ei rekkje arabiske rettar. Vi vil òg ha kaker, baguettar og andre kalde rettar, for dei som vil på kafé, men som ikkje vil ha varm lunsj.

– Det blir ikkje full meny frå dag éin, men nok til at vi kan by på eit variert utval. Vi har òg investert i nye utemøblar, nokre av dei med levande varmekjelder, og vi vil søkja om å få bygga glastak på delar av uteserveringa.

 

Fleire saker