Kommunen har gjennomført tilsyn med Borgafjell barnehage og kome med den førebelse tilsynsrapporten (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Har funne fleire avvik

Rapporten etter kommunen sitt tilsyn med Borgafjell barnehage er klar.

Av: Andris Hamre

21. november blei det gjennom Midtsiden kjent at foreldre og tilsette var uroa for barnehagen etter at opp mot 16 tilsette skal ha vore sjukemeldt.

Med bakgrunn i bekymringsmeldingar frå føresette, PPT (Pedagogisk Psykologisk Teneste) og tilsette i barnehagen har Os kommune, som barnehagemynde, gjennomført tilsyn med Borgafjell barnehage i perioden 31.10.17 til dags dato. Tre stadlege tilsyn er gjennomført, mellom anna eitt ikkje-varsla tordag 23.11.17.

Tilsynet er knytt opp mot det lovpålagte tinga i høve barnehagedrifta. I den førebelse tilsynsrapporten som blei sendt barnehagen 12. desember har kommunen avdekka fleire lovbrot (tidlegare kalla avvik).

Tilsynsteamet har gjennomført både dokumenttilsyn, intervju med styreleiar, styrar, tilsette og foreldrerepresentantar og sluttmøte.

Manglande rutiner rundt foreldreråd

Barnehagen pliktar å drive etter barnehagelova og har etter § 7 ein plikt til å sikra at barnehagen har eit foreldreråd og eit samarbeidsutval, og at saker av viktighet blir lagt fram for desse.

– Barnehagen opna i desember 2013. Rutinar og system knytt til foreldreråd og samarbeidsutval framstår ikkje som innarbeid men som uavklart og tilfeldig. Informasjonsflyten i barnehagen framstår noko tilfeldig og bidrar til uklarhet og frustrasjon blant tilsette og føresette.

– På bakgrunn av kommunen sine undersøkingar og vurderingar konkluderer vi med brot på dette punktet. Vi ber om å få framlagt retningsliner som synleggjer tidsfesta møtepunkt med føresette og korleis det vert lagt til rette for foreldreråd og samarbeidsutval i Borgafjell barnehage, heiter det i tilsynsbrevet.

Må legga fram bemanningsplanar

Vidare heiter det i tilsynet at det er barnehageeigar sitt ansvar å sikre at bemanninga til ei kvar tid er forsvarleg og tilstrekkjeleg i forhold til tal barn og barnehagen si godkjenning, jf. § 10 i barnehagelova og at eigar skal sikra at utdanningskravet i forskrift om pedagogisk bemanning vert følgd.

– Tilsynsteamet har mottatt dokumentasjon som etterspurt. Barnehageeigar stadfester utfordringar knytt til informasjonsflyt og høgt sjukefråvær men vurderer tilhøva i barnehagen som gode nok. Eigar si vurdering er at barnehagen vert drifta i samsvar med gjeldande lov og regelverk og at drifta er forsvarleg.

– Tilrettelegging, gjennomføring og vurdering av det pedagogiske arbeidet framstår uryddig og tilfeldig. Periode med høgt sjukefråvær og høg vikarbruk har medført at planlagt pedagogisk arbeid er sette på vent.

– På bakgrunn av kommunen sine undersøkingar og vurderingar konkluderer vi med brot på dette punktet. Vi ber om å få lagt fram oppdaterte tiltaksplanar som synleggjer det pedagogiske arbeidet og bemanningsplanar som sikrar god og trygg oppfølging av barnegruppene.

Endra vedtektene utan høyring

Barnehagen får også påpakning for å ha endra vedtektene for barnehagen utan tilstrekkeleg involvering.

– Vedtektene skal gje haldepunkt for å kunne vurdere verksemda og gje opplysningar som er av betydning om barnehagen si drift. Eventuelle endringar i vedtektene skal gjerast gjennom formelle vedtekstendringar. I tilsynet kom det fram at eigar har gjort endringar i vedtektene utan at framlegg til endring har vore på høyring. Endringa er knytt til ferie for barn med plass i barnehagen.

– Slike vedtektsendringar er ikkje i tråd med føringane i barnehagelova og vi konkluderer med brot på dette punktet.

Manglande interne rutiner

Tilsynet avdekkar også mangel i interne rutiner.

– Rutiner for møter mellom verneombud, vernerunder er ikkje innarbeid og framstår tilfeldig og ikkje-fungerande. På tilsynsdagen vert det gjentatte ganger vist til det positive arbeidet i frisklivsgruppa som ikkje fungerer lenger.

– Gjennom tilsynet er det avdekka at interne rutiner for håndtering av bekymringsmeldingar er ikkje kjent for alle tilsette. Det kom fram at personalhåndbok med interne rutinar vart presentert for dei tilsette i samband med gjennomføring av tilsyn. Interne rutinar og styringsdokument i barnehagen bør synleggjerast for tilsette i faste møtepunkt.

– Barnehagen må gjennomgå og synleggjere alle sine informasjonsrutinar for å sikre at informasjonsflyten blir god for alle partar som er tilknytt barnehagen.

Manglande tillit

Tilsynet avdekker vidare manglande tillit innad i barnehagen.

– Tilsynsteamet ynskjer å presisere at barnehagen har vore i drift i snart 4 år. Dei tilsette melder at dei i liten grad vert inkludert og involvert i drift av barnehagen. I tilsynet kom det fram at grunnleggjande rutiner og retningsliner er uklare for dei tilsette. Med utgangspunkt i den negativ merksemda som Borgafjell barnehage har fått siste tida vil det vere til fordel for eigar å få på plass tiltaksplanar som også inkludererer fokus på omdømmebygging. Arbeid med tiltaksplanar bør utarbeidast i samarbeid med tilsette og føresette.

– Tilsynsteamet sine undersøkingar og vurderingar er gjort etter gjennomgang av mottatt dokumentasjon frå barnehagen, to stadlege tilsyn, eit ikkje-varsla tilsyn og bekymringsmeldingar frå føresette, PPT og tilsette i barnehagen. Tilsynsteamet opplever manglande tillit til eigar, tillitsbrot frå eigar si side og mistillit frå frå involverte partar. Det er sprik i det som vert formidla av eigar, styrar, tilsette og føresette med barn i barnehagen.

Overveiande sannsynleg at krav ikkje blir oppfylt

Barnehagen får etter tilsynet pålegg om å legga fram tiltaksplaner og dokumentasjon for det pedagogiske arbeidet i barnehagen.

– Med utgangspunkt i gjennomførte tilsyn og innhald i bekymringsmeldingar vurderer tilsynsteamet det som overveiande sannsynleg at krav til barnehagen som pedagogisk verksemd etter § 2 i barnehagelova ikkje vert oppfylt. Med heimel i denne paragraf er det krav om at:

  • barnehagen tar ansvar for dagleg tilrettelegging, gjennomføring og vurdering av den pedagogiske verksemda
  • oppdragelsen i barnehagen skjer i nær forståelse og samarbeid med barn sin heim
  • omsorg, læring og oppdragelse i barnehagen skal fremme felles verdiar som står sentralt i vårt demokratiske samfunn
  • barnehagen støttar og tar hensyn til det enkelte barnet. Dette inkluderer barn med særskilte behov som har behov for tilrettelagt barnehagetilbod
  • barnehagen tar ansvaret for å gje barn grunnleggjande kunnskapar og stimulerer barn sin medfødte nyskjerrighet og vitebegjær
  • dei tilsette må formidle verdier og kultur samstundes som det vert lagt til rette for barn si eigen kulturskaping og identitet

– På bakgrunn av kommunen sine undersøkingar og vurderingar konkluderer vi med brot på § 7 i barnehageloven, 1. ledd; «Barnehageeieren skal drive virksomheten i samsvar med gjeldende lover og regelverk». Eigar av barnehagen må i tida framover vise ei synleg og aktiv haldning i møte med både føresette og tilsette og innan kort tid leggje fram tiltaksplanar som synleggjer og dokumenterer det pedagogiske arbeidet i barnehagen. Rutinar som synleggjer kommunikasjonslinjer i Borgafjell barnehage må framleggjast i dette arbeidet.

Bemanning sentralt i tilsynet

Fleire av bekymingsmeldingane, kanskje spesielt frå foreldra, har gått på bemanninga i barnehagen.

– På på bakgrunn av mottatte bekymringsmeldingar er forsvarleg og tilstrekkeleg bemanning ein sentral del av tilsynet. Fokus er ikkje aleine på antydningar om manglande tal vikarar men på den samla vikarbruken i barnehagen over tid, kompetansen og føresetnadane til vikarane til å drive pedagogisk arbeid, mangel på systematisk og god oppfølging av barn, manglande kjennskap til barn og fråvær av pedagogiske aktivitetar. Os kommune har gjennomført både varsla og ikkje-varsla tilsyn og konkluderer med at barnehagane har eit høgt sjukefråvær og tilsvarande høg bruk av vikarar. Barnehagen nyttar vikarbyrå i tillegg til faste vikarar.

– På bakgrunn av kommunen sine undersøkingar og vurderingar konkluderer vi med brot på § 18. Vi ber om å få oppdaterte lister som synleggjer at bemanninga i Borgafjell barnehage er tilstrekkeleg til å drive ei forsvarleg pedagogisk verksemd.

Har frist til å uttala seg

Før den endelege rapporten blir lagt fram, har barnehagen moglegheit til å uttala seg i høve den førebelse rapporten.

– Os kommune har i denne førebelse tilsynsrapporten etter tilsyn med Borgafjell barnehage konstatert brot på regelverket. Borgafjell barnehage kan uttale seg om Os kommune si tolking, det faktiske grunnlaget som er lagt til grunn, og våre vurderingar og konklusjonar. Borgafjell barnehage kan uttale seg til førehandsvarselet innan 9. januar 2018.

– Etter utløp av frist vil Os kommune utarbeide ein endeleg tilsynsrapport. I den endelege tilsynsrapporten vil Borgafjell barnehage få ein rimeleg frist til å rette det ulovlege forholdet.

Fleire saker