Fotball | 08. juni 2011

Har funne flyten

Damelaget til Os har 23-2 i målforskjell på dei tre siste kampane.

Har funne flyten
Andris Hamreonsdag 08. juni 2011 10:55

Osdamene starta sesongen i ein 4-3-3 formasjon dei ikkje trivdes i. Etter at dei la om til den klassiske 4-4-2 formasjonen har sjølvtilliten og sigrane kome.

Etter 14-1 (!) over Lindås 29. mai har det kome yttarlegare to fine sigrar, først over Radøy/Manger (5-0), så over NBK.

- Sundag gjorde jentene ein kjempejobb då dei snudde 0-1 til 4-1, fortel trenar Rune Balland.

NBK/Eikanger/Kvernbit - Os 1- 4 (1-2)

Målskårarar Os: Linn Helen Thuen, Malin Moldskred, Silje Pedersen, sjølvmål NBK.

NBK låg før sundagens kamp tre poeng foran Os på tabellen.

- Vi visste det kom til å bli ein tøff kamp, og eg fekk litt bange anelsar når eg så korleis jentene fekk køyrd seg det første kvarteret, fortel Balland.

Full kontroll

Balland fekk justert spelarane sine etter den første sjokkopninga og derfra ut hadde Osjentene full kontroll.

- Vi tek heilt over, og når Linn Helen Thuen headar inn utligninga føler eg meg trygg på at dette skal gå vegen.

2-1 kjem på eit perle av eit frispark frå Malin Moldskred.

- Frå 20-25 meter klinkar ho eit frispark klint opp i krysset, smilar trenaren.

3-1 krigar Silje Pedersen inn etter ein corner, medan 4-1 tar NBK seg av når dei set ballen i eige mål.

Spelt på seg sjølvtillit

Os ligg etter sigeren over NBK på 2. plass på tabellen eitt poeng bak Fyllingen, men med ein kamp meir spelt.

- Vi framstår som eit heilt anna lag no enn i byrjinga av serien.

- Jentene sprudlar ute på banen. Det er heilt tydeleg at dei har spelt på seg sjølvtillit og føler tryggleik i 4-4-2-systemet, forklarar Balland.

Neste kamp går på heimebane måndag 13. juni kl 19.00 mot Austevoll/Selbjørn.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.