Samferdsle | 08. feb. 2023

Har funne leidningsbrotet - Byvegen blir stengt

Reknar med at vegen blir stengt frå 16.30-tida i dag.

Har funne leidningsbrotet - Byvegen blir stengt
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 08. feb. 2023 12:57

Bergen Vann har på vegner av Bjørnafjorden kommune søkt etter vassleidningsbrot i eller nær Jordmorsvingen i Os sentrum sidan tidleg onsdag morgon.

– No er leidningsbrotet funne, og det ligg midt i fylkesvegen, opplyser Agnete Haugland, leiar for samferdsle og V/A i Bjørnafjorden kommune.

Fylkeskommunen og Skyss er varsla.

Det ligg an til at Byvegen blir stengt frå 16.30-tida i ettermiddag.

Omkøyring er via E39 frå Moberg til Svegatjørn.

Haugland ønskjer ikkje å estimera kor lang tid arbeidet vil ta.

Lekkasjen oppsto kort tid etter eit leidningsbrot i Midtskogvegen som blei oppdaga i 05-tida i natt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.