Samferdsle | 08. feb. 2023

To vassleidningsbrot i Os

Onsdag morgon vakna mange osinger utan vatn i springen.

To vassleidningsbrot i Os
Bergen Vann jobbar med vassledningsbrotet i Midtskogvegen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Eirin Eriksen Horvei
Eirin Eriksen Horveionsdag 08. feb. 2023 07:28

– Vi har to vassleidningsbrot i Os sentrum, eitt i Midtskogvegen og eitt i Jordmorsvingen. Vi jobbar med å få vatnet tilbake, opplyser Bjørnafjorden kommune.

Midtskogvegen er stengt for trafikk frå Midtskogvegen 12 til kryss med Laksavegen.

Brannvesenet fekk melding om brotet i 05-tida i natt. Bergen Vann er på staden, Løvaas Maskin er leigde inn for å grava.

Kokevarsel

– Når vatnet kjem tilbake anbefaler vi at alt vatn til drikke, matlaging og tannpuss kokast før bruk.

Vassvogn er sett ut ved Midtskogvegen 12.

Meir informasjon kjem på kommunen sine nettsider.

Saka blei oppdatert klokka 08.45.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Hald deg oppdatert med Midtsiden

Få tilgang til alt innhald frå Midtsiden-redaksjonen. Som abonnent hjelper du oss på veg til å kunna dekka endå meir av det som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.