Motor | 13. aug. 2023

Har funne ny stoppestad i Os-skjergarden

Årets poker run svingar innom to stadar i vår kommune.

Her kjem Fløysand og co i 2022 fykande inn frå Korsfjorden og Lysefjorden forbi Strøno. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 13. aug. 2023 09:17

Laurdag om ei knapp veke er det tid for Bergen Poker Run igjen.

Etter å ha køyrd nord for Bergen i 2020 gjekk turen igjen sør og til Os-skjergarden i 2021 - då også frå pitstop på Vedholmen Landhandel via Hauglandsosen og heilt inn til Os sentrum for første gong.

I 2022 var ruta, som ofte elles, berre innom éin stad i Os, Vedholmen - men i år blir det to stopp i Os med trekk av kort til kveldens pokerhand.

I år skal konvoien nemleg, for første gong, vidare frå Lysefjorden forbi Lysøya og inn i Seiasundet.

Sett vekk frå at Søre Øyane har fått kallenamnet Strøno, er dette årets rute. (Kart: bergenpokerrun.no)

Av kartet går det fram at turen går rundt Lysøya, men uvisst kva retning i forhold til klokka, og ifølgje programmet blir det også eit stopp så publikum på land får sjå nærmare på fartsfantoma.

På Kafé Ole B får båtførarane sitt første kort for dagen.

Så kjem kort nummer to på Bunnpris Vedholmen Landhandel før turen går til lunsj på Olaskjeret utanfor Bakkasund i Austevoll.

Fjerde kort blir delt ut nær Askøybrua før konvoien seglar inn Byfjorden til Zachen, der dei får femte kort, middag, pokerspel og underhaldning.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.