Kultur | 28. feb. 2023

Har invitert Dangfart til Os

Vil du læra meir om livet på Mannsverk? Påskeaftan har du sjansen.

Har invitert Dangfart til Os
Dangfart Tønnessen tar turen til Os i påsken. Folk ventar i spenning kva hol han velger. I E39-tunellane. (Foto: Privat/Dangfart Tønnessen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 28. feb. 2023 15:08

Catten Nightclub hadde tidlegare i vinter utselt standupshow med Martin Lepperød, Ole Soo og Galvan Mehidi.

For ei god veke sidan skulle dei ha ny runde med standup.

– Det blei litt tett på, men vi følgje opp påskeaftan. Påskeaftan er alltid travel, men det er seinare på kvelden. Vi toler eit godt show klokka 21, og så blir det full fest etterpå, seier innehavar Bjarte Andersen.

– Vi var heldige og fekk kontakt med managementet til Dangfart via ein kunde, og gler oss veldig til han kjem til Os!

Arrangementet blei lagt ut fredag kveld, og 10-15 prosent av billettane blei selte i helga.

Den fiktive karakteren Dangfart Tønnessen har 278.000 følgjarar på Facebook, der han ved å infiltrera ulike Facebook-grupper for å terga på seg folk som ikkje forstår at den «eldre mannen» frå Mannsverk spøker.

Anten det er snakk om MC-bøller med førarhund, babycall utan rekkevidde ned til kjøpesenteret eller kva som kan tinast i ein mikrobølgeomn.

Han har også stått på scenen før.

Før jul deltok han på «Julegøy» på Ole Bull, eit humorshow som selte over 11.000 billettar.

«Jeg må bare få si at, for en enkel sjel fra Mannsverk med sceneskrekk, så har det vært helt uvirkelig (og veldig skremmende, på en gøy måte) å få stå på en så stor og ærverdig scene som Ole Bull» skreiv Tønnessen på Facebook etter at julegøyen var over.

«Jeg glemmer aldri første oppdrag som stand-up-komiker jeg gjorde i en 50-årsdag i et uisolert grendahus i Åsane en lørdag for 7-8 år siden, foran 25 stk. Det første som møtte meg, 20:30, var to kvinnfolk i 50-årene, som spydde opp gryteretten om kapp utenfor på parkeringsplassen og spurte hvem faen jeg var» held han fram.

Laurdag 8. april er det Os sin tur til å finna ut kven faen han er.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.