Lokal | 06. juli 2017

Har kutta med 8 milliarder

E39 Stord-Os: Ilandføring på Gullholmane gjer bru over Bjørnafjorden 8 milliardar billigare.

Har kutta med 8 milliarder
Ved å la brua gå i land på Gullholmane vil ein kutte kostnadane på 8 milliarder kroner i følgje Statens Vegvesen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 06. juli 2017 07:05

Til BT fortel prosjektleiar i Statens Vegvesen, Signe Eikenes at ho er trygg på at dei no har rett pris på bru over Bjørnafjorden etter at dei har kutta kostnadane på brua frå 25 til 17 milliardar.

Løysinga er å flytta ilandføringa frå ei kunstig fylling utanfor Kobbavågen til Gullholmane litt lengre aust. Det vil gje ei teknisk enklare løysing då ein ikkje treng dykka ned i ein tunnel i ei kunstig fylling før land.

– Det blei veldig teknisk krevande, og ikkje minst svært dyrt, seier Øyvind Nedrebø, prosjektleiar for bru i Statens Vegvesen til BT.

Treng mindre stål

Ved ilandføring på Gullholmane kan ein redusere kraftig i bruken av stål. I dei tidlegare forslaga såg vegvesenet for seg å bruke 120 000 tonn, medan ein no vil klara seg med 60-70 000 tonn utan at det skal gå utover risikoen.

– Å laga eit fundament på ei øy er mykje rimelegare enn ein kunstig fylling. Brua skal framleis takle ein 10 000-årsstorm.

Støy og naturinngrep

Verken brumotstandar Glenn Erik Haugland eller ordførar Marie Bruarøy (H) er heilt nøgd med den nye løysinga.

– Dette endrar ikkje på noko som helst. Støyen og naturinngrepa vil bli det same. Det nye forslaget er ein like stor tragedie som det gamle, seier Haugland.

– Eg foretrekk den andre løysinga, men eg har forstått det slik at denne er rimelegare. Det som blir viktig no framover er at ein vel dei mest skånsomme løysingane. Då tenkjer eg på støy og framkommelegheit, seier Bruarøy til BT.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.