– Har litt å justera på før neste kamp
Lysekloster tapte med to mål for Stord.

Førre kamp snudde dei, men full pott rauk sju minutt på overtid.
I dag tapte Lysekloster 2-0 borte for Stord.
– Det er kampbildet eg er minst nøgd med, seier trenar Ruben Hetlevik etter kamp.
– Vi evna ikkje å følgja vår eigen strategi, i staden blei vi med på Stord sin plan, med mykje duellar. Å vinna andreballen blei det viktigaste i kampen.
Det blei åtte gule kort i kampen, fire til kvart lag.
Måla kom i 56. og 90. minutt.
– Det blei ein seig kamp med få sjansar, og vi kan ikkje skulda på andre enn oss sjølv for at vi tapte. No har vi ein del å justera på inn mot neste helg.
Lysekloster speler heime mot Brann 2 søndag om ei veke.
Brann 2 vann i dag 8-0 over Årdal.
Måndag åtte dagar seinare, er det derby borte mot Os. Os slo Fjøra 5-1 heime i dag.
Andre resultat frå 3. serierunde:
Fyllingsdalen - Ready 4-3
Lyn - Sandviken 0-0
Frigg - Bjarg 6-0
Terminliste og tabell på fotball.no
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.