Lysekloster il | 08. aug. 2021

Lysekloster med målkalas i serieopninga

Lysekloster fekk køyrd gjennom heile troppen borte mot Sogndal 2.

Tim Nilsen skåra tre av Lysekloster sine sju mål. Her i NM mot Åsane. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 08. aug. 2021 07:41

Lysekloster opna i går serien borte mot Sogndal 2.

Etter rolege to mål til pause, la dei på med heile fem nettkjenningar før heile troppen kunne setja seg på bussen med speletid.

To av dei, Henrik Tysse Sperrevik og Kasper Bordvik, spelte mot tidlegare lagkameratar frå Sogndal.

Begge skåra, Henrik to minutt etter at han blei bytta innpå.

Henrik Tysse Sperrevik, her i NM mot Åsane, skåra to minutt etter at han kom inn mot gamle lagkameratar. (Foto: KVB)

– Det var deilig å spela seriekamp igjen. Dette er første gong sidan 2019 at eg har hatt den gode, spente sitringa i kroppen ein time før kampstart, seier Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik.

Serierunde 1, 3. div avd 4:
Sogndal 2 - Lysekloster 0-7 (0-2)

Målskårarar: Tim Nilsen 3 (0-1, 0-3 og 0-6), Christian Dahl (0-2), Ronny Rojas (0-4), Henrik Tysse Sperrevik (0-5) og Erik Krohnstad (0-7)

Lysekloster: Vitaly Melnichenko - Thorvald Modahl Trætteberg, Kevin Berg, Ronny Rojas, Kasper Bordvik - Tobias Heltne Alme, Erik Krohnstad, Stefan Aase - Joachim Westrehim, Christian Dahl og Tim Nilsen.

Innbytarar med speletid: Håvard Rinde, Henrik Tysse Sperrevik, Preben Skorpen, Abdulmajiid Kamal Abdulkadir og Manuel Victor Almeida de Carvalho.

– Kva hadde du venta deg av Sogndal 2 på førehand?

– Det er jo usikkert kva mannskap desse andrelaga stiller med, men vi møtte eit meir eller mindre reint andrelag, ein ung gjeng,

– Vi hadde fokus på oss sjølv, og fekk ein kamp der vi spelte mot etablert forsvar i nesten alle 90 minutta.

Ruben gler seg over Tim Nilsen sine tre nettkjenningar.

– Han blir viktig for oss denne sesongen!

– Men i ei kamp som denne, der du jobbar med å bryta ned eit forsvar, må heile laget fungera. Dette var ein solid, kollektiv prestasjon!

Heile troppen blei brukt, fleire av dei har nyleg kome tilbake frå skade, som Stefan Aase, som spelte heile kampen.

– No byrjar det å bli beinhard konkurranse om plassane på laget. Det er bra, for vi får ein kort og intens sesong.

Sigeren var så stor at Lysekloster sigla rett inn på 1. plass på tabellen. Der har dei ambisjonar om å bita seg fast.

Lysekloster speler neste kamp på heimebane mot Lyn laurdag (kampstart 15.30).

Andre resultat frå første serierunde:
Fyllingsdalen - Bjarg 1-0
Os - Ready 2-1
Frigg - Fana 6-1
Brann 2 - Sandviken 2-3

Terminliste og tabell på fotball.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.