Kultur | 13. okt. 2010

Har løysinga klar

Byggekomiteen er klar med oppdatert finansieringsplan. – Vi skal klara å bygga Oseana utan at det går ut over investering i skule eller eldreomsorg, seier Søviknes.

Har løysinga klar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 13. okt. 2010 06:02

I dag blir utdrag av halvårsrapporten for Oseana truleg offentleggjort. Rapporten, som inkluderer forlag til finansieringsløysing ut frå kostnadsauke (12,7 mill.) og manglande statleg støtte (15 mill.), skal leggast fram for formannskapet tysdag i neste veke.

- I dette forslaget klarar vi å finansiera Oseana utan at det går ut over investeringsbudsjettet som skal brukast på skuleopprusting og eldreomsorg i dei komande åra, seier ordførar og leiar for byggekomiteen, Terje Søviknes.

Her er planen
I planen som det blei vedtatt byggestart på i 2008 mangla det 44,8 millionar kroner. No manglar byggekomiteen 53 millionar kroner. Desse skal dekkast inn sånn, ifølgje finansieringsplanen formannskapet skal handsama tysdag 19. oktober:

Sal av 26 parkeringsplassar til Os Parkering AS: 4 mill.
Sal av Visningssenteret, Vindu mot fjorden: 10 mill.
Lånefinansiering Os kommune 2011-12: 14 mill.
Lån Oseana KF i påvente av statstilskot/sponsor: 25 mill.
SUM: 53 millionar kroner

Meir frå Grieg?
- Vi let driftsselskapet låna 25 millionar kroner. Det som kjem inn av sponsormidlar og eventuell statleg støtte i framtida blir trekt frå denne summen. Ved å lata Oseana KF låna vil denne potten stå som eit synleg signal om at her er det noko som manglar, nokon som ikkje har spytta i, seier Søviknes og siktar til staten.

- Så får vi heller søkja, år etter år. USF Verftet, som gjekk forbi oss i køen lokaldemokratiet i fylket hadde sett opp, hadde visst søkt i 2004, tre år før oss. Om det er tolmod som må til så får vi heller venta.

I mellomtida kjem byggekomiteen til å søkja Grieg Foundation om støtte til å betala renter, eventuelt også nokre avdrag, i starten av låneperioden.

Oseana og brannstasjon først
Søviknes seier at utfordringa no blir å handtera dei 14 millionane frå kommunen i løpet av 2011.

- Målet er å få Oseana og ny brannstasjon fullfinansiert i løpet av neste år. I 2011 startar vi arbeidet med plan og prosjektering på utbetring av skulane i Os, planar som kjem til å kosta pengar i hovudsak frå 2012 til 2016.

I skulebruksplanen som skal handsamast i same møte ligg planar om å investera 200 millionar kroner på tilbygg og nybygg dei komande åra.

Etter dette kjem bygging av fleire bustadar for eldre i Os.

- Får vi dekka inn Oseana og ny brannstasjon neste år, som planen er, så blir verken skule eller eldreomsord råka av desse første investeringane.

Risiko å seia ja, men også å seia nei
Etter at det i haust først kom fram at Oseana kjem til å bli 12,7 millionar kroner dyrare å bygga, og så kom eit framlegg til statsbudsjett utan Oseana-støtte frå staten, fekk Os kommune og særleg Søviknes kritikk for å ha tatt sjansen på å byrja å bygga før finansiering var på plass.

- Eit samrøystes kommunestyre viste mot i desember 2008, og det skal vi vera glade og stolte av. Å seia nei ville vore ein større risiko å ta, av to årsaker, seier Søviknes og forklarar:

1. Gåvegjevar Grieg Foundation var opptatt av at museumsgåva skulle realiserast. Utan ja til byggestart kunne vi risikert at dei såg seg om etter ein annan kommune eller at vi hadde måtta bygge museum utan kulturhus-delen, noko ville vore både vanskelegare å driva lønsamt og mindre gjevande enn det vi får med Oseana.

2. I 2008 hadde vi ein prosjektorganisasjon som var i sving. Hadde vi sagt nei til byggestart for å ta opp tråden seinare ville det sjølvsagt ha kosta meir pengar å starta på null igjen.

- No endar vi med å få eit kulturhus med kunstmuseum der kommunen berre betalar rundt 30 prosent av gildet, 60 av 210 millionar kroner. Vi må ikkje gå oss vill og sitja å deppa, dette er ein situasjon dei fleste andre kommunane i landet berre kan drøyma om, seier Terje Søviknes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.