Har oppretta sak etter ulykka
E39 var stengt i nesten seks timar etter ulykka i går kveld.
Like før midnatt i går kom det melding om eit trafikkuhell på E39.
Etterkvart vart det klart at eit vogntog i retning nordover mot Bergen hadde treft midtrabatten like ved dei to Espira-barnehagane på Kuventræ.
Vegen blei raskt stengt, og det vart oppretta omkøyring via Os sentrum.
Skal ha vore ein hjort - mykje å rydda
Politioverbetjent ved Bjørnafjorden lensmannskontor, Anne Lyssand, kan i dag fortelja at vegen ikkje vart opna att før nærare klokka fem i dag tidleg.
– Det var mykje oljesøl på staden som brannvesenet tok seg av, og dei jobba med dette heilt fram til klokka halv fem i natt. Etter dette var det framleis ein del opprydding å gjera, men rundt klokka fem vart vegen altså opna opp igjen for trafikk.
Lyssand seier at sjåføren av vogntoget har fortald at han prøvde å styra unna det som truleg var ein hjort i vegbana. I denne unnamanøveren trefte vogntoget midtrabatten.
– Det er oppretta sak etter ulykke, avsluttar Lyssand.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.