Kultur | 29. nov. 2017

Har selt 1,5 show før programsleppet

Laurdag er det lansering av våren 2018 på Oseana. ABBA sel allereie til gull.

Har selt 1,5 show før programsleppet
Hyller ABBA: Inger Lise Rypdal, Rita Eriksen, Tommy Fredvang, Jannike Kruse og Knut Marius Djupvik. (Pressefoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 29. nov. 2017 10:17

Tradisjonen tru inviterer Oseana til programlansering for komande vår den første laurdagen i desember.

Graut og saft blir servert på gratisarrangementet, der du òg kan vinna premiar, bde billettar og gåver frå den nye gåvebutikken, samtidig som arrangementsjef Berit Steen fortel om dei komande konsertane og framsyningane i kunst- og kultursenteret.

– Nokre av arrangementa har lagt for sal ei stund, men frå laurdag er alle innslaga på vårprogrammet for sal, seier Steen i ei pressemelding i dag.

Nytt i 2018: Trylling

Berit vil førebels ikkje avsløra så mykje av programmet, men seier Oseana skal husa noko dei ikkje har gjort før, med unntak av åra Norske Talenter har hatt audition i Os, nemleg trylling.

– I tillegg kan eg seia at arrangementa som allereie ligg for sal har hatt god respons. Kardemomme by, for eksempel, og, ikkje minst ABBA, som har selt halvannan sal allereie.

«Vi elsker Abba» blir spelt i Oseana fredag 2. februar, med ekstranummer same kveld.

Dette skriv arrangøren om showet som har gått for fulle hus i eit år: Ikoniske Inger Lise Rypdal, Stjernekampvinner Rita Eriksen, Stavangerkameratenes Tommy Fredvang, musikalstjerne Jannike Kruse og The Voice-vinner Knut Marius Djupvik deler scenen i eit storslått hyllestshow til den legendariske svenske gruppa.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.