Har sendt ut OBS-varsel
Melder to dagar med kraftig vind.
Etter ei veke med stiller og klart vintervêr i Os kjem eit lågtrykk inn over Vestlandet.
Det fører til nedbør og kraftig vind.
Søndag skal det blåsa liten kuling, med auke til stiv kuling på kvelden. I natt skal vinstyrken auka frå 14 til 16 m/s.
Vinden skal koma frå sør og søraust.
Måndag er det meldt 16 m/s fram til midt på dagen og 12 m/s på ettermiddag og kveld.
Meir vintervêr i vente
Det er meldt opphaldsvêr søndag, men regn måndag og sludd tysdag.
Frå onsdag skal det bli opphaldsvêr og temperaturar på rundt 0 gradar igjen, med fare for enkelte snøbyger.
Fredag og neste helg er venta å bli kald og lettskya, med 3-4 minusgradar.
• Sjå detaljert vêrvarsel for Osøyro på Pent.no.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.